– Det har ikkje vore lett å plukke ut tre finalistar med så høgt nivå blant dei påmelde, men dei er tre verdige finalistar som no skal i finalen. Dette var namn som gjekk igjen i juryen, og som hadde mange stemmer frå publikum.

Det seier juryformann for Musikkprisen, Terje Erstad.

Chapped

Jon Roald og Emma Sylvesta Rørhus Flaate dannar duoen Chapped. Dei er i finalen med songen «Somebody, Nobody».

Emma Sylvesta Rørhus Flaate frå Tennfjord og Jon Roald frå Vigra. Foto: Jakob Brandal Østringen

Sjangeren beskriv dei som «ukonvensjonell indie-pop», som blandar lo-fi/bedroom-pop med hiphop, R & B og pop.

– Vi treftest på vidaregåande i 2018, og begynte å spele saman, men det var ikkje før i 2020 at vi bestemte å prøve oss som duo.

Dei er 20 og 21 år gamle, og byrja for alvor å spele konsertar og gi ut eigen musikk i fjor.

– Det er skikkeleg stor stas å kome til finalen i Musikkprisen. Det er ei bekrefting på at folk har tru på det vi held på med, og det er gøy når vi har lagt ned så mykje tid og energi i musikken.

DIVE

Marius Osborg frå Ørsta, Henrik Stave frå Ulsteinvik og Svenning Veiseth frå Brandal dannar gruppa DIVE. Dei er i finalen med songen «I Need You».

Frå venstre: Svenning Veiseth, Marius Osborg og Henrik Stave. Foto: Sveinung Sandal

Sjangeren beskriv dei som Alternativ/indie-pop.

Dei er 20 og 21 år gamle, og har vore innom Musikkprisen tidlegare, men då med andre band. At dei kom til finalen i år hadde dei ikkje venta.

– Då vi først fekk telefonen vart eg sjokkert. Vi vart litt stressa, og tenkte at vi måtte fikse alt fram mot finalen neste onsdag. Men det har vi ordna no, så det blir bra. Vi er veldig glade og stolte for å ha kome til finalen.

Severin

Severin Nautnes frå Gossen i Aukra er nominert med songen «Betatt».

Severin Nautnes frå Gossen. Foto: Karen Marie Suppras Schmidt

20-åringen beskriv sjangeren som pop som beveg seg over i alternativ pop med inspirasjon frå 80-talet.

– Eg er så glad for å vere i finalen. Det betyr mykje for meg som er frå ei så lita øy. At musikken på gossedialekta kjem vidare til finalen er dritkult. Eg skal gi alt og lage eit show for publikum.

Nautnes byrja å skrive eigne songar som 16-åring. No studerer han låtskriving og produksjon i Oslo, kor han nyleg hadde sin første konsert.

– For nokre veker tilbake hadde eg min første konsert som Severin her i Oslo, og det gjekk kjempebra. Det blir gøy å stå på scena igjen under Musikkprisen.

Høgt nivå

Erstad fortel at nivået på årets artistar har vore høgt. Tilgang på betre utstyr har heva nivået på bidraga.

Terje Erstad er leder for juryen i Musikkprisen. Foto: Marius Simensen

– Før var det mykje klassisk gute- og jenteromsinnspelingar, men opptaksmoglegheitene har utvikla seg veldig. Folk har godt utstyr, og det høyrast generelt betr ut no.

Samtidig ser han på ei oppblomstring av unge talent.

– Ein merkar at det har vore meir jamt nivå på deltakarane dei siste åra, det er mindre forskjell på topp og botn.

Musikkprisen har forsøkt å bygge seg opp på nasjonalt nivå i nokre år, men det er ikkje til å legge skjul på at dei står sterkast lokalt med årets finalistar.

– Vi ville gjere konkurransen nasjonal i nokre år. Det kjem påmelde frå heile landet, men vi har lokale samarbeidspartnarar og står naturleg sterkast her. Vi får sjå kva vi gjer i åra framover, men det er her ifrå det kjem flest påmelde, og flest røyster.