– Det er framleis festivalpass og dagspass igjen, men det byrjar å bli sterkt begrensa, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Med andre ord bør du kome deg ned frå gjerdet og sikre deg billett, om du vil på Malakoff.

Festivalleiinga har utvida festivalcampen heile tre gongar for å kome dei ivrigaste festivalgåarane i møte. Det betyr at det vil bli sett opp over 900 telt. Dette er ny rekord.

– Vi er også velsigna med at mange kjekke sunnmøringar besøker festivalen vår, og mange av dei er faste gjengangarar på campen, legg festivalsjefen til.

– Korleis er det med frivillige? Har de fått dekt opp den sida av festivalen?

– Vi har dekt opp rundt 93 prosent med tanke på bemanningssituasjonen, og vi tek inn folk enno. Viss nokon ønskjer å vere frivillig laurdag, er det ei mulegheit til å få med seg festivalstemninga for dei som ikkje har skaffa seg pass.

Festivalsjefen sjøl gler seg spesielt til å høyre Kaiser Chiefs på fredag, samt Rival Sons laurdag.

Konserten med Architects på Amfiscena laurdag ser han òg fram til med stor forventning.

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Foto: Arkivfoto: Bjørn Vatne