– Eg kan ikkje tenke meg noko gruppe som er viktigare å gi ei stemme enn barn. Det er noko eg brenn for, seier Lars Mæhle til Sunnmørsposten.

Han har eigne barn og er sterkt kritisk til det han opplever som ein bedriftsøkonomisk tankegang i skulen.

– Skuleleiinga har blitt inspirert av tenkemåtar frå næringslivet. Lærarane druknar i skriv, kartleggingar rapportar og Pisa-testar, sa han til forsamlinga.

Forfattaren ønsker at lærarane skal bruke mindre tid på å kartlegge, og meir tid til å utrette noko saman med barna.

Barn må få bruke lattermusklane

Mæhle er glad i omgrepet homo ludens – latin for «det leikande mennesket».

– Barn treng å få bruke lattermusklane sine, sa han til dei over hundre frammøtte under opningshøgtida.

Mæhle har skrive fleire ungdomsromanar om det å bryte gjennom, frå barn til vaksen, og dei psykiske utfordringane det byr på. Under opninga av festspela las han frå ein heilt nyskriven tekst. Den handlar om eit fosterbarn som flyttar til ein ny plass. Han er tøff og trur han kan meistre alt, men det er heilt til han forelskar seg i feil jente.

Overveldande fleirtal av barne- og ungdomsforfattarar

Mæhle er ikkje den einaste på programmet som skriv bøker for barn og ungdom. Maria Parr frå Vanylven, Ingrunn Røyset frå Hareid, Alf Kjetil Walgermo, Martine Grande, Anders Totland og Aina Basso har alle utmerka seg med bøker for barn, ungdommar eller begge deler.

Desse forfattarane utgjer eit overveldande fleirtal blant dei som er å sjå og høyre under Dei nynorske festspela 2017.

Og lat oss ikkje gløyme Ingunn Thon.

Ho er også barnebokforfattar, og las høgt frå si nye bok om den ti år gamle jenta Ollis under opningsseremonien.

– Ungar må få leike utan innblanding

Thon er til vanleg å finne i NRK Super.

– Eg har ikkje barn sjølv, men får inspirasjon av dei barna eg møter der, seier ho.

Forfattaren jobbar med å få inn meir nynorsk i dei sosiale media.

– Det er jo hos den yngre garde frøet må såast, seier ho smilande.

foto
MØTE Ingunn Thon og Lars Mæhle hadde ikkje møtt kvarandre før. Dei var likevel temmeleg semde når det kjem til barnas rett til å leike. Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Ho trur at dess fortare ein får det inn, dess lettare er det for dei små å like nynorsk, og å sjå på det som sitt.

– Eg beit meg merke i det Lars Mæhle sa om at barn må få vere fri. I dag er ungar i situasjonar som er leia av vaksne, nesten samtlege timar gjennom dagen, seier ho.

Ho peikar på at det er mykje fint med det å delta for eksempel i eit idrettslag.

– Ungar må også få lov til å vere for seg sjølv utan at vi blandar oss inn ein «pøkk», legg hallingdølen til.

Nynorske ungdomsbøker populære

– Nynorsk barne- og ungdomslitteratur har alltid stått sterkt, og vunne forbausande mange prisar, fortel han.

Mæhle finn det særleg interessant at ungdommar sjølv kåra nynorskbøker til sine favorittar, gjennom den årlege «Uprisen».

Forfattaren vann sjølv prisen i 2009 for boka Landet under isen.

Fredag morgon les han frå bøkene om Knoterud FK på Volda Stadion.