Marianne Heske skuffa over at Gjerdeløa ikkje vart tatt i mot i Tafjord

– Gjerdeløa er verdskjend og eit ikon i norsk kunsthistorie. For meg er det heilt uforståeleg at Tafjord Kraft og Norddal kommune ikkje er interessert å få eit verk som dette tilbake til Tafjordbygda. Det er i Tafjord Gjerdeløa høyrer heime, og der eg aller helst vi at den skal stå, seier kunstnaren som seier ho er både skuffa og mismodig over avslaget.

Ho legg til at i løpet av dei 30 åra løa stod i Tafjord etter at den vart stilt ut i Pompidou-senteret i Paris, var dei heller ikkje interessert i å bidra til restaurering eller vedlikehald. Noko som vart gjort på privat initiativ.

foto
Originalen Marianne Heske i døropninga til den gamle Gjerdeløa som er blitt verdskjend, og som er eit av hennar ikoniske kunstprosjekt.

– Eg var på nippet til å destruere alle formene, men så sist veke kom eg i kontakt med kunsthistorikar Eva Furseth som kontakta leiinga i Kube. Direktør Gro Kraft viste interesse med det same. No donerer eg formene av Gjerdeløa til kunstmuseet så kan dei syte for støyping av ein ny løe, seier kunstnaren som er glad for den nye vendinga i saka.

– No som den nye Gjerdeløa ikkje kjem til Tafjord, ser eg for meg at ei avstøyping kan plasserast som ein kunstinstallasjon saman med dei gamle bygningane i Borgundgavlen. Som ung budde eg i Klokkarsundet, så eg har eit nært forhold til Borgundgavlen og området rundt, fortel kunstnaren som er busett i Oslo.

Kopi til Astrup Fearnley

Ikonisk verk

– Vi er veldig glade for donasjonen frå Marianne Heske. Det er fint at det er Kunstmuseet Kube som får hand eit ikonisk verk som dette, seier direktør Gro Kraft. Ho fortel at kunstmuseet er i dialog med Heske om ei utstilling om nokre år, og i den samanheng vil det vere viktig å ha formene til Gjerdeløekopien.

– Marianne Heske er ein viktig kunstnar for oss. Gjerdeløa er eit ikonisk verk i Heskes kunstnarskap som blir ein sentral del av ei slik utstilling. Det at vi har formene gir oss mogelegheit til å produsere opp den nye versjonen av Gjerdeløa. Det gir oss dessutan mogelegheit til å låne den ut til andre kunstmuseum, seier Gro Kraft.

For dyrt

Kunstnaren, som har budd store delar av barndommen sin i Tafjord, opplyser at det var i samband med Tafjord Kraft sitt 100-årsjubileum at ho tok kontakt med kraftprodusenten med forslag om at dei skulle kjøpe ein kopi av Gjerdeløa i jubileumsgåve til Tafjordbygda.

– Då dette vart avslått tilbaud eg ein donasjon utan kunstnarvederlag. Dette og vart avslått, fortel kunstnaren.

Han opplyser at kraftselskapet og Norddal Kommune drøfta tilbodet frå kunstnaren, men at begge kom fram til at det vart for dyrt. Frå begge hald blir det presisert at både kommunen og kraftselskapet set stor pris på Marianne Heske og det positive ho har gjort for bygda.

– Ho er ein god ambassadør for Tafjord, men akkurat denne gongen var det ikkje hennar verk vi ville gi i gåve og til profilering av bygda, seier Stig Falling.

– Tafjord treng ny energi: Marianne Heske ut mot Tafjord Kraft før 100-årsjubileet