Med tanke på samferdsle, økonomi og fagmiljø er det stadig diskusjonar om ein på sikt ser føre seg to eller fleire sjukehus i Møre og Romsdal. I dag er det som kjent fire.

Om ein skal legge vekt på ei nasjonal undersøking gjennomført av Kunnskapssenteret, er det ikkje tvil om at pasientane er nøgde med tilboda på sjukehuset i Volda i dag.

Over 13.000 pasientar som var lagt inn på norske sjukehus i fjor er spurte om kva dei meiner om pleiepersonalet, legane, informasjon, organisering, kontakt med pårørande, standard, utskriving, samhandling, ventetider og pasienttryggleik.

Følg smp.no på Facebook

Heilt i toppen

Volda sjukehus ligg betre an på 7 av 10 indikatorar enn andre sjukehus i Møre og Romsdal. I tillegg er pasientane meir nøgde samanlikna med landsgjennomsnittet på alle. Dette kan du sjå i grafikken over.

- Det er gledeleg at dei fleste er nøgde, seier overlege og representant for dei tilsette, Rune Heggedal.

Til trass for diskusjonen om oppgåvefordeling og nedlegging i helseføretaket, meiner Heggedal at pasientundersøkinga viser at fagpersonalet gjer, og har eit ønske om å gjere, ein god jobb.

- At pasientane er så nøgde slår tilbake på diskusjonen om kor differensiert ein skal vere, seier Heggedal.

Han trur at ein er god på å vere mindre byråkratisk i samarbeid med pasientane og avdelingane på mindre sjukehus.

Avdelingsoverlegen i Volda meiner at ein bør lytte til pasientane før det eventuelt blir gjort grep med struktur.

- Dette mottoet har òg helseministeren sjølv lansert. Dette er ein viktig rapport, slår Heggedal fast.

Han meiner det einaste som kan endre på god rekruttering av fagfolk til Volda sjukehus er uro rundt kutt som gjer det mindre attraktivt å flytte til bygda.

- I fleire år har rekrutteringa vore god, seier han.

Mer forbrukerstoff på smp.no

- Topp 10

Ordførar Arild Iversen (KrF) i Volda har studert rapporten nærmare. Han meiner å kunne plassere Volda på topp 10 i landet når det gjeld pasienttilfredsheit.

- Det som er så bra med denne undersøkinga er at kvart enkelt sjukehus er synleggjort. Eg trur det er ein tendens til at ein undervurderer kvaliteten ved lokalsjukehus, og at ein i for stor grad har tillit til at større einingar er best, seier ordføraren.

Iversen har sjølv helsefagleg bakgrunn og meiner at små sjukehus som Volda er enkelt å organisere for å drive rasjonelt.

- Det er ein stad der alle kjenner alle og det er god samhandling internt på sjukehuset. Det er lett å snu seg rundt i ein liten organisasjon, meiner Iversen.

Ifølgje ordføraren kan ingen dokumentere at Volda sjukehus ikkje leverer kvalitativt gode tenester.

- Helseføretaket har forsøkt å legge ned akuttkirurgien, noko som vart stoppa av helseministeren i fjor. Eg trur ikkje det er noko å spare på å etablere større sjukehus og legge ned dei små. Då får ein ekstra transportkostnader, og for kritisk sjuke er det avgjerande at det er kort veg til sjukehus. Signalet frå pasientane er tydeleg. Dette er opplevd kvalitet, noko som bør leggast vekt på når ein skal vurdere det faglege tilbodet, seier Iversen.

I samband med utviklingsplanen som kjem, skal helseføretaket snart gjere seg opp ei meining om kva sjukehusa i Møre og Romsdal skal innehalde. Særleg interessant blir funksjonsfordelinga med det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal.

– Det er gledeleg at dei fleste er nøgde, seier Rune Heggedal, anestesioverlege og representant for dei tilsette på Volda sjukehus. Foto: Olav Standal Tangen