På Harøya i Sandøy kommune står det ein bil litt utanom det vanlege til sals for tida: Ein Rolls Royce Silver Shadow frå 1972.

Eg har pådratt meg ei nalvorleg ryggskade og må derfor ha ein bil som eg kan køyre utan å bruke beina. Så då blir det spesialtilpassa bil frå NAV, forklarer seljar Helge Ervik til Broom.no, som skreiv om bilen først.

Helge seier til Broom at han vurderte å bygge om Rollsen, men slo det frå seg.

Spesielt her i fylket

At bilen blir selt i Møre og Romsdal, synest Helge gjer det litt ekstra spesielt.

Helge tenker sjølvsagt på Rolls-Royce Marine sine fabrikkar på Sunnmøre.

– Men det er jo først og fremst ein bilprodusent dei er.

Kostar litt å ta vare på

Bilen til Helge ligg no til sals for 79.000 kroner, som er «latterlig lavt», ifølge Finn-annonsen.

– Eg hadde eigentleg forventa større interesse, sidan prisener såpass låg og bilen er fin. Men du må nok vere spesielt interessert for å kjøpe ein slik bil. Det kostar litt å ta vare på han, seier Helge.

– Skikkelege bilar har langt panser, runde lykter og ornament frampå panseret. På Rollsen er det sjølvsagt «the flying lady» som tronar fremst på panseret, fortel han.