Etter dette er det svært mange som har meldt seg ut. Nokre av oss meiner at partiet burde skifte namn. I staden for Kristelig Folkeparti kunne det heite Humanistisk Folkeparti. Det ville vere meir dekkande for det partiet står for.

Det er eit ansvar å bere kristennamnet. Å kalle partiet kristent skulle innebere at ein bygger på Bibelen, Guds ord. Dette gjer ikkje Kristelig Folkeparti lenger! Partiet vart starta av eldsjeler som Lavik og vart vidareført av Lars Korvald og Kåre Kristiansen. På den tida kunne ein som kristen trygt stemme på dette partiet. Seinare tok Kjell Magne Bondevik og Knut Arild Hareide over. Dei har ført partiet inn i ei liberal retning der mange av oss ikkje kjenner seg att.

Før i tida låg partiet på over ti prosent, men no er spørsmålet om dei vil halde seg over sperregrensa på fire prosent. Dette viser at KF har gått i feil retning. Kristne stemmer no på ulike parti og har vorte splitta. Eg sjølv stemmer på partiet De kristne. Dette er eit lite parti, men det har eit godt program som står for dei kristne verdiane og støttar Israel og det jødiske folket.

Fylkesleiar i Møre og Romsdal KrFU skriv i ein artikkel kvifor han går i Pride. Det er for å kjempe for menneskeverdet og nestekjærleiken. Dette er viktige ting som man er einige om, men ein treng ikkje å gå i slike tog for å fremme dette. Vi er alle skapte i Guds bilete og er verdifulle. Gud elskar syndaren, men hatar synda. Legninga er at vi er skapte som mann og kvinne: «Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. » 1. Mosebok 1:27. Dette er Guds sanne ord som står fast til evig tid!