Stort bilde utan namn på personar og fotograf tvers over første side og ein kronikk utan signatur. Bildet talar for seg sjølv! Det er lite tillitvekkande for pasientane dette og at så mange legar ved eit stort sjukehus angrip livsviktige funksjonar ved eit anna og mindre sjukehus, jf. Goliat versus David?

Kven har definisjonsmakta? Etter å ha arbeidd eit yrkesaktivt liv med samhandling i feltet, hadde eg oppfatta at klimaet, samarbeidet og gjensidig respekt mellom Ålesund og Volda sjukehus no var vesentleg betre enn på lenge. Eg trudde ideologien no var å framsnakke, utfylle og å spele kvarandre gode! Men slik dette kom på trykk i Smp’en kom trollet fram i lyset. Slik vinkling kan skade, ikkje berre Volda sjukehus men vil også skade Ålesund sjukehus si sak!

Oppsettet forklarar det meste. Eg forstår og deler legane sine store frustrasjonar over at Sunnmøre på mange måtar har kome i bakleksa grunna dårleg økonomi i HF. Men vi er då i same båt og taklar dette langt betre ved å stå skulder ved skulder enn ved å spele ein svakare part ut i mediebildet?

Det blir så aldeles feil når frustrasjon mot det sterke overordna nivå går ut over ein mindre alliansepartnar. Vi på Søre-Sunnmøre sluttar aktivt opp om Ålesund sjukehus og ønskjer – så sterkt vi kan – å stadfeste og vidareutvikle dette som det leiande og mest avanserte sjukehuset i Møre og Romsdal! I så måte applauderer vi ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal sine mange utspel og iherdige arbeid for å synleggjere Ålesund sjukehus sin store betydning og å sette dette på dagsorden både i HMR og Helse Midt-Norge.

Men vi applauderer ikkje eit frontalangrep frå 40 legar som vil gå ut over vidareføring av livsnødvendige og livreddande akuttfunksjonar ved Volda sjukehus, eit sjukehus som også skal vere beredskapssjukehus ved tsunami i Storfjorden.

Det er ei køyretid på 4 1/2 timar mellom Førde og Ålesund. Vertilhøve og rasstengde vegar kan gjere denne køyreturen vesentleg lenger. Vi aksepterer ikkje eit opplegg der livstruande skadar skal måtte sendast forbi eit sjukehus som har svært god kompetanse i vakt og kunne behandle og/eller stabiliserte tilstanden og redde liv. I staden for å slå an tonen slik dei har gjort ville dei aktuelle legane tene Ålesund sjukehus sine interesser mykje betre ved å vere kloke, audmjuke og taktiske gjennom aktiv og vedvarande støtte til behovet for gode akuttmedisinske tenester og eit kostnadseffektivt traumetilbod ved Volda sjukehus. God gjensidig alliansebygging vil gi vesentleg betre utteljing for Ålesund sjukehus.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!