«Ny læreplan – endra skule?»

Presenterte ny læreplan: Måndag den 18. november presenterte kunnskapsministeren ein ny læreplanen for grunnskulen. – Å endre mykje i skulen, krev ein omfattande innsats over lang tid. Det tek lang tid å innføre ein ny læreplan, mellom 10 og 15 år skal vi tru forskinga, skriv Peder Haug i denne kronikken.  Foto: Håkon Mosvold Larsen NTB/Scanpix

Lista over moglege tiltak og prosjekt som går føre seg i skulane i landet no parallelt med fagfornyinga, er lang

Meninger

Måndag den 18. november presenterte kunnskapsministeren ein ny læreplanen for grunnskulen.

Han skal takast i bruk i august 2020 og er ein del av fagfornyinga, den komande reforma i grunnopplæringa. Reforma og læreplanen har ein lovande ambisjon, å gjere skulen god for alle elevar.

Særleg tre område peikar seg positivt ut.

Fagomfanget som elevane skal gjennom skal verte mykje mindre enn før.

Det er for å få tid og rom for djupnelæring, at elevane skal få lære fagemna godt og grundig.

Så skal skulen arbeide meir fleksibelt og med stor vekt på brei kompetanse. Det ved å satse meir på frie aktivitetar for dei yngste elevane og på praktiske og estetiske fag for alle. Endringane vil utan tvil gjere skulen betre for alle og særleg for dei elevane som strevar fagleg.


Det er lagt mykje arbeid ned i å utvikle læreplanen. Rekord-mange personar har vore med, og talet på innspel er større enn nokon gong. Marknadsføringa av reforma har vore omfattande, og har følgt det vande todelte sporet. Det første steget er å argumentere kraftfullt for at tilhøva i skulen ikkje lenger er akseptable.

I meldinga til Stortinget står at behovet for å gjere dagens skule og skulefag betre er godt dokumentert. Det neste steget er påstanden om at den nye reforma skal garantert gjere tilhøva betre enn dei har vore. Kunnskapsministeren sa: «Vi fornyer nå skolens innhold for å sikre at elevene lærer mer og lærer bedre.» Ludvigsenutvalet gjorde grovarbeidet med å skaffe dei gode argumenta på begge områda i to omfattande offentlege utgreiingar.

Så langt synest alt å vere bra, men det snik seg inn nokre kritiske tankar. Dei blir forløyste av ordbruken: fagfornying, djupnelæring og fleksibilitet.

Så vidt eg veit har alle skulereformer hatt dei same ambisjonane, men utan å nytte akkurat desse orda. Ideane er knappast så nye og revolusjonerande som det blir hevda. Dei som gjekk i folkeskulen frå 1939 og fram til sekstitalet var truleg utan å vite det, med på ei reform (Normalplanen av 1939) med dei same ambisjonane som fagfornyinga.

Planen la vekt på grundig læring, elevaktivitet og fleksible arbeidsformer, men vart aldri innført slik han var tenkt.

Det har den læreplanen til felles med dei nye læreplanane og reformene vi har hatt sidan. Det kom til dømes fram i evalueringane av Reform 97 og Kunnskapsløftet, dei siste reformene i skulen. Forskinga viser at endringane det var håp om, i relativt liten grad har vorte nådde.

Forklaringane er mange. Reformene i skulen er vedtekne i Stortinget, utarbeidde av Regjeringa, og skal gjennomførast i kommunane. Det er når arbeidet skal gjerast i kommunane og på skulane at det vert alvor. Den sida ved reformene får ofte mindre merksemd. Vi høyrer allereie politikarar som seier at no er det kommunane som skal trå til. Spørsmålet er i kva grad kommunane er klare og skodde for den store oppgåva det er å endre skulen etter dei nye signala.

I kommunane og på skulane, kan innstillinga til endringa vere andre enn i den ambisiøse og veltalande statlege ordbruken.

Ei sak er at det nye kan opplevast som meiningslaust og unødvendig, og det reduserer motivasjonen for å endre. Det er lenge sidan eg for første gong høyrde utsegna om at ei kvar reform kan tilpassast mi undervisning. I det ligg ikkje berre uvilje.

I det er det også nokre aktuelle utfordringar. Å endre mykje i skulen, krev ein omfattande innsats over lang tid. Det tek lang tid å innføre ein ny læreplan, mellom 10 og 15 år skal vi tru forskinga.

Sjølv med all den innsatsen som er lagt ned i å førebu fagfornyinga, veit ein ikkje sikkert kva konsekvensane av den vil verte. Å reformere er eigentleg eit sjansespel. Det har vi mykje erfaring med ikkje berre i skulen, men i NAV, helsestellet, barnevernet, VY, IT osv.

Eit innlegg i Nationen set det synspunktet på spissen i følgjande utsegn: «Norge er et lite land som utsettes for store reformer. Resultatet er såpass tvilsomt at tittelen på ei gammel protestvise blir sørgelig aktuell: «When will they ever learn?». Liknande konklusjonar dominerer i forskingslitteraturen om reformer i skulen. Berre boktitlane seier sitt (omsette frå engelsk): «Den føreseielege fjaskoen til utdanningsreformer. Så mange reformer, så lite endring. Feilslått styring. Reformere igjen, igjen og igjen. Kvifor utdanning er ubrukeleg.»

Skal ein lukkast, må det setjast av tid.

Det må utviklast ny kompetanse og det må vere råd å få støtte og hjelp.

Slikt varierer i kommunane og på skulane. Og når vilkåra for å lukkast er fråverande, er det forståeleg at innsatsen og oppslutninga om reformarbeidet går ned.

Og så bør det ikkje vere for mange konkurrerande aktivitetar i skulane.

Dei stel merksemd og energi.

Lista over moglege tiltak og prosjekt som går føre seg i skulane i landet no parallelt med fagfornyinga, er lang.

Den største utfordringa for skulane er å tolke læreplanen. Han inneheld ikkje lenger oversikter over kva innhald elevane skal tileigne seg, men lister over kompetansar dei skal utvikle. Dette er ei tilpassing til internasjonale trendar, og vart innført med Kunnskapsløftet i 2006. Listene over kompetansar er varierte, men har det felles at lærarane og skulane sjølve må finne fram til kva innhald dei skal velje for å oppfylle kompetansemåla.

I KRLE er til dømes eit mål på sjuande trinn å: «bruke fagbegreper i arbeidet med religioner og livssyn»

Kva omgrep dette skal vere, bestemmer læraren.

Ulike lærarar kan velje forskjellig. Slike val må takast i alle fag og på alle trinn knytt til fleire hundre mål.

Ein kan undrast om det er fornuftig bruk av tida til lærarane, om resultatet blir fagleg forsvarleg over alt og ikkje minst om dei nokså vage og diffuse formuleringane verkeleg fører til redusert fagpress, fornying, fleksibilitet og fordjuping.

Snarvegen er at læreboka bestemmer, då er vi like langt.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!