Lesarinnlegg:

«Eit fattigare fylke utan IB»

Fylkeskommunen meiner vi ikkje har råd til å behalde den einaste IB-linja i fylket. Vi meiner at vi ikkje har råd til å legge den ned.
Meninger

Kuttframlegga for dei vidaregåande skulane råkar tilbod over heile fylket, og reaksjonane på dette har forståeleg nok vore sterke. Vi i lektorlaget ved Spjelkavik vidaregåande skule har forståing for at kutt må til for å sikre ein sunn økonomi, og veit at det ligg grundige analysar bak framlegga. Vi meiner likevel at vi som fylke ikkje har råd til å legge ned International Baccalaureate Diploma Programme (IB).

IB utviklar kritiske tenkarar

Per i dag finst det IB-tilbod på vidaregåande i alle norske fylke med unntak av Nordland. Nokre kjenner kanskje til IB først og fremst som ei linje der elevane får undervisning på engelsk, men det er berre ein liten del av det som gjer linja spesiell. IB er eit internasjonalt program som skil seg frå alle andre tilbod ved dei vidaregåande skulane i fylket mellom anna ved å vere meir akademisk og ved å arbeide meir systematisk med kritisk tenking og vitskapleg metode. Elevar på IB har eit eige fag (Theory of Knowledge) som handlar om kritisk tenking og om korleis ein tileignar seg kunnskap i ulike fagtradisjonar. Dei forskar sjølvstendig i ulike fag, skriv lengre akademiske tekstar under tett oppfølging, og lærer seg å vurdere forsking kritisk. Vi som underviser i begge systema ser at IB-elevane er ekstra godt rusta for høgare utdanning, og stiller sterkt i møte med falske nyhende, polariserte debattar og motstridande forskingsresultat.

IB utviklar profesjonelle lærarar

Det å bli autorisert som IB-skule er ein lang og krevjande prosess. I tillegg må alle IB-skular reautoriserast kvart 5. år, noko som inneber eit massivt arbeid for alle involverte, og tvingar fram ei profesjonalisering av lærarar og organisasjon. IB ligg eit hestehovud framfor norsk utdanning, og har eit godt system for å ta i bruk ny kunnskap om kva som fungerer i undervisninga. Mange av endringane som kjem inn i norsk skule gjennom fagfornyinga, til dømes djupnelæring og tverrfaglegheit, er godt implementerte i IB allereie. Læreplanane i faga vert reviderte mykje oftare enn i det norske systemet (kvart 7. år), noko som krev at ein heile tida held seg oppdatert innanfor sitt fagområde. Vi veit av erfaring at sjølv om ein som lærar alltid ønskjer å halde seg oppdatert på pedagogisk forsking og utvikle eiga undervisning, er det ikkje alltid tida strekk til mellom alle andre oppgåver i ein hektisk skulekvardag. IB jobbar systematisk med dette, og legg opp til pedagogisk refleksjon og samarbeid i større grad enn det norske systemet. Ein IB-lærar må altså heile tida utvikle seg både pedagogisk og fagleg, og dette kjem alle elevar og lærarar på heile skulen til gode.

IB starta opp på Spjelkavik i 2012, og er no eit godt etablert tilbod med ei positiv utvikling. I år starta vi opp PreIB, eit tilbod for elevar på VG1 (IB er eit toårig løp som startar i VG2). Dette ser ut til å ha positiv effekt på søkjartala til IB. Dersom IB blir lagt ned, vil det ta lang tid for eit eventuelt nytt tilbod å kome dit vi er no.

I tillegg til å vere eit tilbod for dei mest ambisiøse og fagleg nysgjerrige elevane våre, er IB også eit naturleg val for elevar med eit anna morsmål enn norsk og det beste springbrettet for elevar som ønsker å studere i utlandet. Har vi verkeleg råd til å vere eitt av to fylke i landet som ikkje har eit slikt tilbod?

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!