Lesarinnlegg

«Sentraliseringa held fram - og SP veks»

Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum.   Foto: NTB scanpix

Meninger

Trua på å skunde på sentraliseringa innan ei rekkje område i samfunnet vårt held seg oppe mellom dei som styrer landet i dag – H – FRP – V – KRF. Ja, vi merkar også at denne trua går langt inni AP. SP har markert seg som den store (og nesten einaste) motkrafta i denne saka. Dette har mange i det norske folk oppdaga og gjev då si støtte til SP sine standpunkt. Siste meiningsmåling viste at partiet hadde passert 20%. Dette er utfordrande for SP, og mange ventar på resultata. Kanskje 2021 kan bli eit vendepunkt. Landet vårt treng det. For mange av oss vil hevde at sentralisering i dagens samfunn er ei naurlov som vi berre må forhalde oss til. Dette nektar eg å akseptere. Vi kan setje på bremsene, og vi kan i mange høve trykkje på naudknappen for STOPP.

Ei rekkje ulike sentraliseringsreformer har sett dagens lys dei siste åra – heilt fram til i dag. Klare signal frå Regjeringa seier at denne politikken skal halde fram. Nokre døme er kanskje på sin plass: Kommunereform (frå 426 til 356), fylkesreform (frå 19 til 11), politireform med nedlegging av ei rekkje kontor utover i distrikta (frå nærpoliti til fjernpoliti?), talet på tingrettar skal ned, talet på jordskifterettar skal ned frå 34 til 13, redusering av lokale skattekontor, nedlegging av skular i distrikta, NAV-kontora i distrikta vert lagde ned. Kva med ambulansetenesta framover? Å reise kollektivt i distrikta vil verte vanskelegare, samstundes som det vert ropa høgt om å få ned bruken av privatbilar! Flytt til byen då vel!

Sentralisering og store fagmiljø må til er Regjeringa sitt mykje nytta slagord. Det vi verkeleg treng er gode tenester for oss alle også ute i distrikts-Norge. Tenester i nærmiljøa skaper tryggleik for den einskilde i mange livssituasjonar. Denne tryggleiken er ofte ein føresetnad for busetjing og trivsel for innbyggjarane same kvar i landet dei bur. All sentralisering er knapt råd å stogge/bremse, men mykje kan gjerast gjennom bevisste handlingar hos politikarar på alle plan, næringslivet saman med deg og meg. Utan at vi får dei sentrale og viktige tenester der vi bur, vil folk flytte derifrå. Det meste heng saman med alt. Gje SP ein sjanse til å vise kva dei duger til – ord eller realitetar!


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!