Her ein dag var det nokon som minte meg på at Maria og Josef måtte flykte med Jesusbarnet til Egypt. Det har fått meg til å gruble og gjere nokre tankeeksperiment.

Tenk om det var no dei måtte flykte, og at dei klarte å kome seg til Noreg. Ville dei fått opphaldsløyve her tru?

Identiteten ville truleg gå greitt å dokumentere. Dei har då nyleg skrive seg i manntalet, så det er vel rimeleg å tru at dei kan dokumentere det.

Så spørst det om dei har god nok asylgrunn. Det vert kravd at dei risikerer forfylging på grunn av: etnisitet (i flyktningkonvensjonen står det «rase», men det ordet bruker eg ikkje), politisk oppfatning eller religiøs tru.

Det var vel ikkje nokon av desse grunnane som gjorde at dei flykta, men dei var likevel redde for at Jesusbarnet skulle bli drepe. Då er det spørsmål om non-refoulement regelen i artikkel 33 i flyktningkonvensjonen skal gjelde i dette høvet. UDI vil då spørje fagorganet sitt Landinfo om det kan vere noko i det dei fortel om trugsmålet.

Eg trur at Landinfo då vil vise til at dei vitja Jødeland for nokre veker sidan. Dei budde i den norske ambassaden, og dei var på cocktailparty hjå kong Herodes, og vel var han ganske spesiell, men at han skulle drepe alle gutebarn under 2 år? Nei, det trur dei ikkje noko på. Truleg ville det bli avslag og tvangsretur til Jødeland. Då ville vi aldri høyre noko meir om denne familien. Noreg har ikkje for vane å fylgje med på kva som skjer med tvangsreturnerte.

Så utan at ein eller annan engasjert person, eller ein humanitær organisasjon hadde fanga det opp, ville vi aldri høyrt noko meir frå dei. Lat oss vere takksame for at dette skjedde for to tusen år sidan, og at dei flykta til eit land som ikkje hadde norske styresmakter sitt syn på flyktningar.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!