Renovasjon for fritidsboligar vart innført for ein del år sidan. Betalingsregulativet vart fastsett av den enkelte kommune og skulle avspegle sjølvkosten, og vart såleis ulik. Eg går ut frå at betalingsregulativet i Ålesund kommune no vert likt for alle i kommunen. I samband med innføringa vart det sett opp containerar rundt om i kommunane, der hyttefolket kunne kvitte seg med restavfall og papp/papir. Dette vart kalla Hyttepunkt og var, slik eg har forstått det, reservert fritidseigedomar.

Eg har ein fritidseigedom i Ørskog, berre fire km frå privatbustaden og hadde ingen problem med å ta med meg alt søppel heim sommar som vinter før ordninga vart innført. Eg var likevel av den meining at ordninga måtte vere lik for meg som for dei som kom til hytta si langvegs frå. I den seinare tid har eg sett meg grundig lei bruken av desse hyttepunkta. Fleirtalet av dei som nyttar desse containerane har nemleg ikkje fritidseigedomar i kommunen og skal difor levere avfallet sitt gjennom den alminnelege renovasjonsordninga. Dette veit eg av di eg eig ein eigedom i Sjøholt sentrum og har utsyn til hyttepunktet som er plassert like ved.

Det er sjølvsagt flott at avfallet hamnar i containerar og ikkje i naturen, men er det rett at eigarane av fritidseigedomar også skal «delfinansiere» avfallshandtering frå privathushaldningar? Rett nok finns det ingen informasjon om at desse containerane berre skal nyttast av eigarar av fritidseigedomar, slik at dei som med urett leverer avfall her kan sei «dei handlar i god tru». Difor krev eg at Årim merker og informerer om kva desse hyttepunkta skal nyttast til.

I tida som har gått har krav om kjeldesortering auka. Dette gjeld på hytta så vel som i heimen. Kvifor har då ikkje desse hyttepunkta vorte utvida med ein løysing for levering av matavfall og plast? Er det enklare for meg eller ein langvegsfarande hytteeigar å verte kvitt matavfallet og plast frå hytta enn restavfall og papp/papir? Skal kjeldesortering og levering ha noko for seg må den vere lik på hytta som heime. Difor krev eg at Årim finn ei løysing for dette omgåande.

-------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!