Dei siste åra har vi sett stadig fleire elbilar på vegane, og no kjem det også mange fleire batteridrivne ferger i bruk. Dette er blitt mulig gjennom stor og rask utvikling av batteriteknologien, ei utvikling som enno går framover for full fart.

Som alt anna, så har denne teknologien både fortrinn og ulemper, ei av ulempene er at om ei slik battericelle byrjar å brenne så er det ikkje mulig å sløkkje denne brannen. I oktober brann det i ein batteripakke om bord i ferga Ytterøyningen, noko som resulterte i at batteripakken eksploderte. Vi har og hatt brannar i elbilar.

Ved brann i ein bil skjer det oftast ikkje anna enn at bilen vert vrak – dersom den då ikkje skulle stå slik til at brannen spreier seg. Til dømes slik som i parkeringshuset på Sola.

Skulle dette skje medan bilen står på ei ferge er situasjonen verre. Brann i ein «fossil» bil kan oftast sløkkjast med vatn eller sløkkjeapparat. Dersom det brenn i batteripakken på ein elbil så er ikkje dette råd. Dels fordi batteria ligg i diverse holrom under bilen, og dels fordi batteriet utviklar nok oksygen til å halde brannen i gang sjølv om det vert spylt med vatn direkte mot brannen. Brann i ein bil kan avgrensast med eit brannteppe, men så vidt eg veit har ikkje fergene slikt utstyr, og heller ikkje nok mannskap til å bruke det. Eit slikt hjelpemiddel ville kunne avgrense brannen til ferga kjem til kai og ein kan få assistanse av brannvernet. Eit anna tankekors er at myndigheitene vil ha heilelektriske ferger utan mannskap inn i passasjertrafikken. Kven skal då hjelpe?

Skulle brannen oppstå i ferga sin batteripakke er situasjonen verre. Fergene har enno vanleg framdriftsmaskineri i tillegg til batteridrift, og vil nok kome seg til kai slik at passasjerar og bilar kan kome seg på land. Deretter er det ikkje stort anna å gjere enn å kjøle ned brannområdet til det sloknar, og håpe på at batteripakken ikkje eksploderer.

No vert det og bygd cruiseskip med batteridrift som skal operere ned mot Sydpolen og andre fjerne strøk. Kva skal gjerast om det vert brann i batteripakken på eit slikt skip? Skal alle ut på isen eventuelt i livbåtane i påvente av hjelp som kan bruke fleire dagar på å nå fram?

Ville det til dømes vere mulig å ha denne batteripakken i ein separat del som kunne løysast frå båten med fjernbetent utløysing slik at heile seksjonen datt på sjøen og dermed ikkje var til stor fare for båten?

Eg er viss på at dei som konstruere desse bilane og skipa gjer det dei kan for å unngå slike situasjonar som eg nemner, men vi veit og at det vil skje ulukker trass i alle sikringstiltak. Det kan neppe skade å stille kritiske spørsmål før dei verste ulukkene er eit faktum.

Denne utviklinga har også økonomiske og miljømessige sider, men det er ein annan diskusjon.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix