Stadig høyrer ein om kor dårleg det vil gå med eksporten frå Norge til EU landa om oss seier opp EØ- avtalen. Ja, det har blitt sagt at det vil bli ei katastrofe for norsk industri.

Kva bygg dei sine påstandar på dei som kjem med desse påstandane? Mi erfaring er at politikarar som uttaler seg om kor viktig EØS er for norsk eksport bygg sitt syn på synsing, og ikkje på fakta, eller kva er det?

Skal ein ha grunnlag for å kunne meine noko om kva verknadene for Norge vil bli om ein seier opp EØS-avtalen må ein sjå på fakta, ein må sjå på land som ikkje har EØ- avtale.

Sveits valde ved ei folkerøysting å ikkje godta EØS-avtalen, dei inngjekk i staden handelsavtaler med EU. Norge derimot godtok EØS-avtalen med alt det inneber, mellom anna å godta lover og reglar som EU-byråkratiet legg fram.

Samanliknar ein handelen Sveits og Norge har med EU, så ser ein at Sveits slett ikkje har tapt på å ikkje godta EØS avtalen.

Verdien av det Sveits eksporterte til EU i 2018 var ca. 1009 milliardar kroner

Verdien av det Norge eksporterte til EU i 2018 var ca. 830 milliardar kroner

Som ein ser eksporterer Sveits langt meir enn Norge til EU sjølv om Sveits ikkje har EØS avtale.

Men i tillegg er det ein stor forskjell på eksporten Sveits og Norge har til EU.

Meir enn halve eksporten frå Norge til EU er olje og gass, den eksporten var i 2018 på ca. 464 milliardar kroner

Ser ein vekk frå olje og gass er eksporten frå Norge til EU langt, langt mindre enn Sveits sin eksport til EU utan EØS avtale.

EU er avhengig av norsk gass og olje, Norge har derfor svært gode forhandlingskort når ein skal forhandle fram handelsavtalar i staden for EØS avtalen, det er skremselspropaganda når det hevdast at eksporten frå Norge vil gå ned om Norge seier opp EØS avtalen. Ser ein til Sveits sin store eksport med handelsavtalane vil ikkje eksporten frå Norge gå ned, det er meir truleg at Norge med gode handelsavtaler vil auke sin eksport til EU.

EØS avtalen er svært dyr for Norge, økonomisk der Norge betaler fleire milliardar til EU i året, men først og fremst demokratisk, der Norge let byråkratane i EU styre altfor mykje i Norge. Eg har lest at EØS-avtalen Norge har består i dag av over 11.000 lover, direktiv og forordningar som Norge er pliktig å følge – og det innførast rundt 500 nye regelverk i året. Norge må seie opp EØS avtalen og ikkje la byråkratane i EU ha så mykje styring i Norge

Dessverre ser det ut til er at mange sentrale politikarar i Norge har langt større lojalitet til byråkratiet i EU enn dei har til Norge og befolkninga i Norge. Godt demokrati ser dei ikkje som viktig.

Det blir sagt at oss melder oss ut av Europa, nei Norge er og blir i Europa, og sjølvsagt skal Norge ha eit godt samarbeide med EU land og andre land, samarbeid er eit gode for alle.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!