Lesarinnlegg:

«Hytte- og fritidsrenovasjon»

Eg vil takke Jostein Tomren for gode spørsmål om hytte- og fritidsrenovasjon i ope brev til ÅRIM. Det er tydeleg at du er ein av dei som bruker tilbodet på riktig måte.
Meninger

Vi vil gjerne svare på det siste spørsmålet ditt først: Kvifor har vi ikkje same tilbod om kjeldesortering på hytta som heime? Dette er eit godt innspel, og i tråd med ambisjonane ÅRIM har vidare. ÅRIM har starta eit arbeid for å kartleggje kva eit fullstendig sorteringstilbod for alle dei over 4 000 hytteeigarane i vårt område bør vere. Dette handlar blant anna om henteruter, bilar, utstyr og informasjon til kundane – og ein del om økonomi. Det vi allereie ser, er at når ordninga heime og på hytta er lik, blir også meir avfall rett sortert. Eit godt døme på dette er tidlegare Sandøy kommune, der ÅRIM har innført sortering av mat, plastemballasje og miljøfarleg avfall i tillegg til restavfall og papir for alle med hytte og fritidsbustad.



ÅRIM (og dei fleste andre renovasjonsselskapa i landet) har, som du også nemner, utfordringar med forsøpling og at verksemder og fastbuande misbruker samlepunkta våre til å kvitte seg med avfall. Det er nokre få som øydelegg for dei mange flinke. Dessverre er det ingen enkle løysingar på dette problemet. Den løysinga vi så langt har sett fungerer best, er renovasjonsløysingane som no blir etablerte på Fjellsæterområdet i Sykkylven. Her er det etablert avfallsbrønnar, slik at avfallet blir lagra under bakken. Vår vurdering så langt, er at området rundt avfallsbrønnane er ryddigare enn der vi bruker konteinarar. Vi håper difor å få opp fleire tilsvarande punkt i Ålesundregionen.

Du spør også om gebyr for tenesta, og vi svarer litt generelt på dette. ÅRIM har lik pris til alle hytteabonnentane i heile Ålesundregionen. Denne prisen inkluderer også kvote for levering av avfall på miljøstasjonane. Kommunane fastsetter sjølve renovasjonsgebyret ut til innbyggjarane, og har ulike påslag på prisen frå ÅRIM. Dette gjer at pris frå kvar enkelt kommune er ulik.

Hytterenovasjon er ei lovpålagd teneste. Dette er ikkje noko ÅRIM eller hytteeigarane kan velje bort. ÅRIM har også svært mange hytteeigarar som er godt fornøgde med å bli kvitt avfallet på ein forsvarleg måte når dei er på hyttetur. Vi takkar for tilbakemeldinga, og arbeider for å vidareutvikle hytterenovasjonen i regionen.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.


Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!