Ålesund kommunestyre vedtok å ta makta i Årim. Eg vil ikkje tru at det blir store praktiske konsekvensar av akkurat denne saka.

Det ein ser her er ein forsmak på det som kjem i åra framover. Eg trudde ikkje det ville kome til syne so tidleg etter kommunesamanslåingane.

Ser ein framover til neste, eller kanskje til kommunevalet deretter, vil eg tru at gamle Ålesund vil ha eit stort fleirtal i Ålesund kommunestyre. Gamle Ålesund har eit stort fleirtal av befolkninga i nye Ålesund, og som det vart sagt i kommunestyremøtet, det er fleirtalet som styrar.

I mange saker vil då fleirtalet i kommunestyret som er frå gamle Ålesund bruke makta dei har til å sentralisere dei kommunale tenestene, for å spare pengar som ein ofte høyrer som forklaring på at kommunale tenester blir sentraliserte.

Det er forklaringa ein høyrer i dei fleste kommunar, men jo større kommunen er jo meir sentralisering blir det, og det som i dei gamle kommunane var eit senter blir ein utkant.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!