Lesarinnlegg:

«Problem – ja takk!»

Meninger

Det gjer inntrykk å sjå fotballdirektør Stavrum i Molde og Unge Høyre-politikar Øverås understreke kor problemfritt alkoholservering på fotballstadion vil vere – og kor ønskeleg og gledeleg det vil vere å få oppheva forbodet mot alkohol på norske idrettsarenaer.

Dei fleste av oss som ikkje så lett lar oss beruse av slike «gledelege» meldingar, hugsar enda kva for problem både Høyre / Unge Høyre og andre politiske parti har hatt dei siste åra med alkohol på sine arrangement og samvær, og kor nødvendig det har vore med sterke innstrammingar.



Enkelte av oss har til og med også sett dei mange viktige understrekingane frå idrettsrørsla opp gjennom åra om at idrett og alkohol og andre rusmiddel ikkje høyrer saman, korkje for utøvarar eller for dei som skal oppleve positiv og trygg idrettsglede og familieunderhaldning.

At unge politikarar til og med kanskje trur det vil skape meir positive haldningar til å yte store skattepengar til idretten ved at det blir opna for alkoholservering på arenaene, fortel oss noko om at rusen alt på førehand kan ha hatt verknad på vurderingsevne og kritisk sans.


Alkoholservering på Color Line stadion?

Nå åpner NFF for alkoholservering på fotballkamper



KrF raser over fotballforbundets alkoholvedtak

Fra og med kommende sesong kan vanlige supportere kan få kjøpt alkohol på fotballkamp. Det får Kristelig Folkeparti til å se rødt. Høyre og Frp er positive.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!