Norges Fotballforbund (NFF) har oppheva forbodet mot alkohol på norske idrettsarenaer.

Mange er skuffa og sinte over ei slik utvikling. No vil dette bli avgjort i kvart kommunestyre og vil bli ein del av kommunepolitikken.

Alkohol og idrettsarrangement som inkluderer born høyrer ikkje i lag.

Går ut frå at fotballklubbane framleis vil at kampane skal vere for heile familien og ikkje berre for dei vaksne.

Nyleg lanserte NFF 11 punkt for å stoppe vald og truslar på fotballbaner. Då blir jo dette vedtaket eit paradoks når ein er kjent med samanhengen mellom vald og alkohol. Dessverre er det pengeinteressene som nok ein gong rår.

Sammenblandinga av alkohol og born og unge gjer at PDK vil stemme mot slike søknader i kommunestyret i Ålesund.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!