Foto: Paul Kleiven

Kronikk:

Er ein moderne kjønnsideologi nøytral og fornuftig?

Vi har kanskje vent oss til at når det gjeld kjønn, seksualitet og familie, så er det religion som har vore bestemmande. 

Og i vår tid, med frigjering frå religion og normer, er det kanskje ein lettelse når det kjem andre stemmer, som gjer at ein endeleg kan tenkje fritt. Og endå meir-at dette nye er nøytralt, fornuftig, rasjonelt.

Ja, kanskje det er uttrykk for ein draum, dette, at når menneske blir kvitt tradisjon og normer, då blir det fridom for alle. Og då blir det kanskje ei råd for dei som ikkje fell inn i det vanlege mønsteret for seksualitet og kjønn og familie?

Er det dette Pride-toga er uttrykk for ein draum og ei begeistring for at no skal alle få det bra og endeleg får leve slik dei vil. Og alt blir fryd og gammen?


Advarer kraftig mot kjønnskorrigerende behandling i leserinnlegg:

«En alvorlig trussel mot våre barn og unge»

De siste årene har det vært en alarmerende økning i antallet barn og unge som føler at de er ”født i feil kropp”. Mange tror at det å gjennomgå et kjønnsskifte ved hjelp av uopprettelig hormonbehandling og kirurgi, vil løse utfordringene deres.


Men det er ikkje så enklet at det ikkje-religiøse er nøytralt og fornuftig og rasjonelt. På ingen måte. Det er nyttig å vite at dei kreftene som skaper LHBT+ og Pride-toga også har sitt «presteskap».

Dei har også sine grunnverdiar og verdensbilde og sine klare mål. Dei misjonerer for sitt syn, som slett ikkje er rasjonelt og fornuftig og «nøytralt». For går ein i djupna ein smule og kikkar FRI-bevegelsen (dei har ca. 3000 medlemer) i korta, så vil ein fort oppdage at det dei forkynner, er kjende tonar frå tidlegare i historia. Objektivt og nøytralt og vitenskapleg? Gløym det.


Hver fjerde LHBT-person utsatt for hatefulle ytringer

LHBT-personer er betydelig mer utsatt for hatefulle ytringer enn den øvrige befolkningen, og konsekvensene av slike ytringer er hardere for mange av dem.


No vil denne bevegelsen gjerne framstille seg slik, som dei gode riddarane som vil kome og befri grupper som har blitt undertrykte. No endleg får dei ein sjanse til å «kome ut av skapet» eller «finne sitt egentlege jeg».

Det kan vel vere at det er gjort urett mot slike grupper. Men det er altså ikkje dette vi er usamde om. Men vi er usamde om eit grunnleggande verdisyn som gjer at desse kamp-gruppene ikkje berre er gode riddarar for utsette grupper, men at dei har ein dagsorden som går mykje, mykje vidare, nemleg å omforme samfunnet til å bli noko heilt anna enn det er i dag.

Eit samfunn der kvar enkelt menneske skal leve ut sin høgst personlege seksualitet. Eit samfunn der vanlege normer for familieliv er avskaffa, og der kjønn berre skal vere det den enkelte opplever som sitt kjønn. Mellom anna. Kva resultatet blir av ei slik samfunnsomveltning, veit ingen, men det er grunn til å frykte det verste, ikkje minst for dei gruppene som ein skulle hjelpe.

Dualisme

Lat oss sjå på eitt grunnleggande premiss som er typisk for LHBT-bevegelsen: Dualismen.

Dette er ei eldgammal tankeretning, alt frå Platons tid. (428-348 f.Kr.) Eit dualistisk syn på kroppen, betyr at biologi og psyke, eller kropp og person vert sett på som skilde delar som ikkje har noko med kvarandre å gjere.

Postmoderne ideologar som f.eks. franskmannen Michel Foucault, som ivra for full seksuell frigjering, er dualistar . Charles Darwin er også med på å legge premissar for denne rørsla, fordi Darwin «avsjelar» naturen ved å betrakte den som ein maskin. Altså at naturen i seg sjøl ikkje har nokon meining, men berre fungerer ved sine eigne lover, mekanistisk.

Den har altså ingen mål eller meining i seg sjøl, (jfr. «-og Gud såg at alt han hadde skapt var godt») men det er først når vi menneske definerer ei meining inn i den, at naturen har ei meining.

Vi er vande med å forstå eit menneske som ein integrert heilskap av kropp og sjel. At vi både har ei biologisk side og ei psykisk side som menneske, og at desse to dimensjonanane heng nøye saman og påverkar kvarandre. Det vil ei rekkje fagfolk vere ekspertar på å skjøne.

Men no har vi f.eks fått inn i norsk lovverk at ein person som er over 16 år, kan melde frå til folkeregisteret om at vedkomande opplever seg å ha eit anna kjønn enn det som står i fødselsattesten, og då har denne personen rett til å skifte juridisk kjønn!



Kva slag argumentasjon ligg bak ein slik radikal tankegang, som altså har fått gjennomslag i lovverket vårt? Jau, det er føljande: det er ikkje kroppen din som bestemmer kjønnet ditt. I tråd med eit mekanistisk verdensbilde (jfr. Darwin)har kroppen din inga betydning for din identitet som menneske. Din identitet er fullt ut bestemt av din psyke. S

jøl om vi vitenskapleg veit at alle celler i ein kvinnekropp er «kvinneceller» og alle celler i ein mannskropp er «manne-celler». Det speler inga rolle, fordi din psyke, din opplevelse som enkeltmenneske, er etter denne nye tankegangen det einaste kriteriet for det kjønnet du juridsk har rett til å hevde. Dualisme splittar altså det som høyrer saman.

Ein vidare konsekvens av eit slikt dualistisk syn på kva mennesket er, er at desse same kreftene vil ha bort all tale om kjønn. Kjønn er irrelevant. Den enkelte må få bestemme korleis ein vil leve, seksuelt og sosialt.

I USA, der LHTB-ideologien har fått mykje større makt, vert det no ført rettssaker mot foreldre som ikkje er villige til å la jenta deira dusje saman med ein gut som seier at han er jente, og dermed har adgang til jente-dusjen.

Då kan vi spørje: Er dette eit syn på kjønn som er «nøytralt»? Er det rasjonelt? Er det fornuftig?

Eit anna ekspempel på kva utslag eit slikt dualistisk syn på mennesket har: Ei kvinne som er tilhengar av sjølvald abort, får problem med standpunktet sitt når ho vert gravid og oppdagar at det berre er hennar vilje til å behalde barnet – eller ikkje – som avgjer om barnet/fosteret har verdi som menneske.

Ho opplever det som ulogisk, også kanskje umoralsk? Men så kjem den dualsistiske tanken henne til hjelp: Nemleg at dette menneskelivet, som er skapt ved konsepsjonen, ikkje er ein person endå. Dette mennesket har endå ikkje dei psykiske kvalitetar som gjer det til ein person.

Og sidan ein altså kan skilje skarpt mellom det psykiske og biologiske, så kan ho fritt velje mellom å behalde fosteret eller «skaffe det bort».


Kommentar til foredragskveld i Spjelkavik kyrkje om kyrkje og kjønn

«Kven er elefanten i rommet?»


Dualismen er altså ein nyttig tankemodell for dei som vil ha full handlefridom når det gjeld m.a. seksualitet og kjønn. Men er det vitenskap? Sjølsagt ikkje. Er det nøytralt? Sjølsagt ikkje. Er det fornuftig? Synest du det?

Konklusjonen: Denne LHBT tankegangen, (som tydlegvis har fått så stort innpass i vårt land at dei har adgang overalt, i skulen og barnehagen, helsestellet, hos lovgjevarane) – er ein ideologi, ei meining- og ikkje noko meir.

LHBT-gruppene er altså «misjonærar» for høgst diskutabelt synsmåtar. Dei er idelogar for radikale endringar som kan gje konsekvensar vi ikkje anar.

Kor mange tog har vi ikkje sett i Europa som har segla under falskt flagg og har bore slagord som fekk dei mest fatale føljer.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!