Kommunane bør få vidare juridisk råderett, t t.d over hyttebruken i sitt område.

For å sei innleiingsvis det som eg har sagt og skrive før: Eg er ikkje imot regjeringa sine karantene-ordningar og påbod om å halde 1-2 meter avstand m.m. Tvert om, mange av desse tiltaka kom for seint

Men eksempelvis regjeringa sitt hytteforbod, rammar for breitt. Det finst fleire kommunar som ikkje har store hyttefelt langt frå der folk bur. Hyttene ligg nært der brukarane bur. I slike høve har ikkje regjeringa lovheimel til til å nekte bruk. Dette sa eks-justisminister Kalmyr på TV, no i dag tidleg. Dette fell ikkje inn under argumentet om å ikkje overbelaste ei framand, lita kommune.

På fleire område tenkjer regjeringa for breitt, dette påfører landet menneskelege og økonomiske kostnader som slett ikkje er naudsynte. Arbeidsplassar blir nedstengt, utan rasjonelle smittevern-grunnar, også i Oslo.

På øya her eg bur, er framleis vegarbeid i gang. 60 arbeidarar bur i brakkeleir, ingen er til no smitta. Men dei har innført smittevern-tiltak og reglar.. Slike tiltak og slikt utstyr er langt viktigare enn statistikk og matematiske modellar for å telje friske og sjuke, og intervju i media i det vide og det breie.

Regjeringa og folket må bevege seg bort frå byråkratisk tenking og underhaldning, viss landet skal komme heilskinna gjennom dette.

Å stole blindt på dei styrande kan føre landet ut i uføre, og er vel heller ikkje i tråd med norske verdiar. Folk og lokale leiarar må få delegert tillit til å vurdere sjølve, viss vi både skal bli friske og ha pengar og arbeidsplassar att, når dette er over.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!