Lesarinnlegg:

«Påskebodskapen»

Påska i år vil bli forskjellig frå det vi er vant til for dei fleste av oss. 

Illustrasjon   Foto: NTB scanpix

Meninger

Mange er vande til å reise på hytta på fjellet og gå på ski og kose seg med krim.

I år har vi ikkje høve til det på grunn av corona virusen. Kva skal ein då gjere når det er mange fridagar? Skal ein berre sitte heime og kjede seg og vente på betre tider? Mange av oss er leie av å ikkje kunne fungere som normalt. Er der noko gode forslag?

Kanskje at ein denne påska skulle konsentrere seg om påskebodskapen? Den er dramatisk og innhaldsrik. Guds son vart forrådt, svikta av sine vener, torturert, offentleg skulda og spikra til eit kors. Han vart lagt i ei grav, men etter som fleire vitne sa så stod han opp frå dei døde. Skjedde dette verkeleg eller er det berre som ei kriminal forteljing?

I påska er det fleire helligdagar som viser at våre forfedrar tok dette på alvor. Enno i dag vert påska feire i store deler av verda.

Jødane feirar også påske, men det er at dei minnest utgangen av Egypt for om lag 3500 år sidan.

Livet er alvorleg og mange er no redde pandemien som herjar i heile verda. Er der noko som kan gje oss lindring og tryggleik? Her kjem påskebodskapen inn. Jesus Kristus kom ikkje til jorda for si eiga skuld, men for å frelsa menneska som er syndarar. Vegen til Gud vart stengt på grunn av synda og døden herskar. Finst det noko von utover død og grav?

Svaret er at som Kristus stod opp frå dei døde skal vi også gjere det. Dei som tek imot han får vere med han inn i den evige himmel. Mange moderne menneske tenker at dette er berre eventyr. Dei seier at religion er noko som menneska har laga for å flykte bort frå det verkelege livet. Vi lever berre ein gong og må gjere maksimalt ut av det. Lenin sa dei kjende orda: «Religion er opium for folket».

Ein kan forstå det når ein til dømes ser korleis hindu religionen hindrar folk i India i å slakte kyr. Religionen kan vere farleg som i Iran der religion og politikk går i eitt.

Betyr dette at all religion er feil? Nei, som der er falske blomar så er det også ekte. I kristendomen har vi ein Frelsar. Han er vegen, sanninga og livet. Italia er landet med flest døde av corona, og om lag femti doktorar har gått bort på grunn av dette.

På Facebook var der eit vitnemål av ein doktor. Han sa at før trudde han på vitskapen, men no trudde han på Gud. I møte med dødssjuke pasientar måtte han erkjenne kor hjelpelaus han var. På sjukehuset var det ein prest som kom inn og trøysta og bad med pasientane. Då han vart smitta og døde var det stor sorg på sjukehuset.

Presten var som ein god samaritan som var villig å gi livet sitt for andre. Jesus var eit eksempel i dette. Ingen har større kjærleik enn å gi livet sitt for andre.

Den kjende forkynnaren Charles Finney sa at det er galskap av oss å ikkje tenkje på livet etter døden og sikre seg billetten til himmelen. Livet på jorda er så kort og evigheita så lang. Tenk om du tok feil!

Du spør korleis eg kan vere så sikker? I 1972 begynte eg å lese i Bibelen og tru. Eg vart fødd på ny og fekk fred i hjartet. Året etter var eg på ein påskeleir og mens eg bad såg eg Jesus i eit syn. Eg datt ned og såg at han leid på leid på korset. Han heldt meg i handa og sa: «Sjå i begge hendene mine har eg tekna deg.» Då fekk eit kall til å forkynne Den glade bodskapen.

Påskebodskapen er aktuell som aldri før. Ta fram Bibelen og les om kva som skjedde.

Vit at du er elska av Gud. Han har bevist det ved å gi sin son for oss. Om du tek imot orda så kan du seie som læresveinane til Jesus: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for SimonEin kan få vissheit om at det er sant!

Den kjente pastoren Richard Wumbrandt fortalde at for mange år sidan var det ein kommunist som sa: Kristus har aldri levd. Wumbrandt sa: Vis meg avisa Pravda. (Pravda betyr sanning på russisk.) Kva er årstalet, spurte han. Kommunisten leste opp årstalet. Det er etter Jesus Kristus og han har vore på jorda og lever i dag, kunne Wumbrandt svare.

Eg vil ynskje alle ei velsigna god påske!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!