Kronikk:

«Føre var – også til havs»

Regjeringa brukar tida godt. Medan nokre statsrådar arbeider med naudsynte tiltak mot koronakrisa, legg andre grunnlag for nye kriser for klima og naturmangfald.

SV: Kronikkforfattar Ingrid Opedal, nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes og fylkesstyremedlem Marit Aklestad på Runde med fødestova til silda i bakgrunnen.  

Vi må ikkje, i iveren etter å ta i bruk havet til stadig nye næringar, gløyme dei evigvarande fiskeressursane som vi i stadig større grad kjem til å trengje for å fylle matfata våre!

Ingrid Opedal
Meninger

Olje- og energiminister Tina Bru vil opne for oljeleiting i 36 nye område i Norskehavet. Samstundes gjev ho, for andre gong, utsett frist for utbygging av Havsul 1, eit planlagt havvindkraftverk på kysten utanfor Ålesund og Aukra.

– I krevjande tider er det viktig å planlegge for framtida, seier Bru, og poengterer at hovudmålet med politikken er å legge til rette for langsiktig produksjon av olje og gass på norsk sokkel. Sist slike felt var utlyst, sa SV’s Lars Haltbrekken mellom anna: «Regjeringa er på kollisjonskurs med Parisavtalen og klimamåla. Dette er felt som kan gje store utslepp i mange tiår etter at vi skal ha kutta klimagassutsleppa heilt. Regjeringa må kome seg ut av oljetåka og trua på at vi kan løyse klimakrisa samtidig som vi pumpar opp meir fossil energi». Argumenta er like gyldige i dag.


Haramsøya:

Skal ta vindkraft-ja til retten

Oppdatert: På kort tid fekk Nei til vindkraftverk på Haramsøya inn 112.700 kroner. Pengane skal brukast på rettssak.


I 2008 fekk Vestavind Offshore AS konsesjon for utbygging av eit stort havvindkraftverk utanfor Harøya på Mørekysten (Havsul I), trass i at det vart åtvara om alvorlege følgjer for fiskebestandane, ikkje minst silda på gytevandring til Mørebankene. I dag veit vi at dette området også er eit viktig beiteområde for sjøfuglane på Runde. I vilkåra vart det stilt krav om grundigare undersøkingar. Desse er, etter det vi kjenner til, ikkje gjennomførte. Ei eventuell utbygging av Havsul I med det kunnskapsgrunnlaget som føreligg i dag, vil etter vårt syn vere uansvarleg.

Framtida ligg i havet, er eit mantra for mange når ein snakkar om næringsutvikling, og ikkje minst når det gjeld kva vi skal leve av etter oljen. Vi snakkar om havvind, om gruvedrift på havbotnen, om fiskeoppdrett og taredyrking til havs. Og ja – havet byr på store mulegheiter, dersom vi forvaltar det med utgangspunkt i kunnskap om havmiljø, økologi og korleis ulike aktivitetar verkar inn på kvarandre.


Kamp mot vindmøller

Aksjonerte for fuglefjellet på Runde

Rundt 40 aksjonister samlet seg foran Stortinget til kamp mot vindkraftanlegget Havsul 1 og for fuglefjellet på Runde.


Vi må ikkje, i iveren etter å ta i bruk havet til stadig nye næringar, gløyme dei evigvarande fiskeressursane som vi i stadig større grad kjem til å trengje for å fylle matfata våre!

Fiskerinæringa opplever stor og aukande konkurranse om sjøareala. Dei er ikkje i mot å sleppe andre til, men det må gjerast i samarbeid med næringa, og etter grundige naturfaglege undersøkingar. Nokre havområde, som Lofoten, Vesterålen og Senja og Mørebankane, er særleg verdfulle og sårbare gyte-, oppvekst- og fiskeområde, i tillegg til at dei er viktige beiteområde for sjøfuglane. Som vi veit, minkar enkelte artar faretruande. Andre område byr på viktige korallrev og andre uerstattelege naturverdiar. Desse områda må få varig vern i samband med arbeidet med marin verneplan.

Det vert krevjande å handtere summen av alle dei nye planlagde aktivitetane i norske kyst- og havområde. Kunnskapsgrunnlaget om kva effektar desse kan få for havmiljøet, fiskebestandane og naturmangfaldet er svakt. Dersom dei nye marine satsingane ikkje bygger på kunnskap, og at det ikkje vert lagt opp til betre samordning av arealbruken til havs, kan utviklinga truge både havmiljøet og framtidig matforsyning.


FN-rapportør ber Norge avvikle oljenæringen

FNs spesialrapportør for menneskerettigheter og miljø ber Norge om å slutte med oljeleting og gradvis avvikle olje- og gassindustrien.


Det er snart 20 år sidan den førre Stortingsmelding nr. 12 (2001–2002) – Reint og rikt hav vart vedteken. Det har runne mykje vatn i havet sidan då. For å vere føre var, også til havs, støttar Møre og Romsdal SV kravet frå fiskeriinteressene om at det bør lagast ei ny stortingsmelding om arealbruk og sameksistens i norske havområde.


Sterke reaksjoner på regjeringens iskantløsning

Regjeringen skal ha landet på et kompromiss om hvor den omstridte iskanten skal gå. Opposisjonen og miljøbevegelsen reagerer på at faglige råd ikke blir fulgt.


Vi treng ein samordna plan for bruk, og vern, av havområda våre!


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!