Lesarinnlegg:

«Avgiftssmell og «koppskatt» i Ålesund kommune»

Det er med undring eg les om nye gebyrforskrifter vedtekne av kommunestyret i Ålesund. Det som gjer at eg reagerer på dette er at eg er vald inn i eit styre for ei stifting som har ansvar for drifta av ein av aldersbustadene i gamle Haram kommune.

En del av Ålesund kommune; f.h. Lepsøya , Haramsøya og Flemsøya/Skuløya.   Foto: Staale Wattø

Dette abonnementsgebyret vert såleis ein «koppskatt» («Kopf» etter tysk «hovud»), utan omsyn til betalingsevne, den mest urettvise skattleggingsmåten som er i bruk i samfunnet, og det burde elles oppegåande politikarar forstå.

Jostein G. Farstad
Meninger

Formålet for stiftinga er å syte for rimelege bustader for eldre personar eller andre som har trong for ein stad å bu, og styret har teke på seg arbeidet som ein dugnadsinnsats. Styret har ansvar for å halde ved like huset, ute og inne, og syte for økonomisk forsvarleg drift med så låge husleiger som mogleg. Alt vert gjort på dugnad!

Huset er kopla til kommunalt vatn og avlaup, og difor vil desse nye gebyrforskriftene for Ålesund slå sterkt ut på driftskostnadene for huset. Huset har ein felles vassmålar, og no vert kommunale avgifter betalt med husleigeinntekter, til liks med forsikring og andre vedlikehalds- og driftsutgifter.



Prinsippet for kommunale avgifter var tidlegare at slike kostnader skulle vere til sjølvkost og ikkje ein ekstraskatt for bebuarane. Dette huset har felles varmtvassanlegg, der bebuarane brukar det dei har behov for, og kanskje veit dei knappast at kostnaden til varmevatn går av husleiga, for dette betaler dei ikkje ekstra for.

Viss desse nye gebyra skal innførast, må det sikkert monterast vassmålarar i kvart husvære, ein for kaldt vatn og ein for varmevatn, og det må då setjast inn 16 nye vassmålarar for 8 husvære. Dette er meiningslaust og altfor dyrt for ei stifting som er driven på dugnad, og dette skal også administrerast. Ikkje er alle husværa utleigde til ei kvar tid heller, og kven skal halde styr på kva og kven som skal betale desse gebyra?

Dette abonnementsgebyret vert såleis ein «koppskatt» («Kopf» etter tysk «hovud»), utan omsyn til betalingsevne, den mest urettvise skattleggingsmåten som er i bruk i samfunnet, og det burde elles oppegåande politikarar forstå.



Jamfør gjerne med den såkalla «elavgifta», ein annan urettvis koppskatt, der alle må betale ei avgift til staten på 16,3 øre (+mva.) for kvar kilowattime, og som ikkje har noko med nettleiga som nettselskapa må ha for å drifte elnettet vi alle er avhengige av. Dette er fjernt frå den meir rettvise progressive skattlegginga som burde vere rettesnor for all skattlegging i eit samfunn, og det burde politikarar vere merksame på.

Det er dei store tals lov; når alle må betale koppskatt, kjem det store summar inn i offentleg økonomi utan omsyn til betalingsevne for dei som vert skattlagde.


Leserinnlegg:

«Gebyrkrøll»

Kommunen oppfordrer folk til å sjekke bruksareal og målt vannforbruk. Det er vel neppe her problemet ligger i denne skandalen med gebyrer. 


Det som kan verke rettvist for folk flest og fornuftig med omsyn til kommunale inntekter er at eit eingongsgebyr vert pålagt når eit bygg vert kopla til vatn og til avlaup til kostpris. Elles bør kommunen sikre seg tilstrekkelege inntekter målt ut frå reelt forbruk for kvart bygg/bueining, og ikkje legge ein evig «koppskatt» på alle som er tilknytt offentleg vassforsyning/avlaup med eit abonnementsgebyr utan omsyn til forbruk.


Knutsen: Ålesund må slutte å subsidiere vannet til Sula

Komite for teknisk, miljø og samferdsel varma opp før tirsdagens møte i formannskapet.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!