Lesarinnlegg:

«Til styret i Helse Møre og Romsdal HF v/administrerande direktør Øyvind Bakke»

Ålesund kommunestyre v/ordførar har i tidlegare dialog med helseforetaket gitt utrykk for uro for manglande forpliktande utviklingsplanar for Ålesund sjukehus.

Ålesund sjukehus: Aurdal meiner opplysningane som kom fram i Sunnmørsposten måndag er lite tillitvekkande med tanke på korleis prosessen har vore i arbeidet med desse utviklingsplanane  Foto: Marius Simensen

For kvar dag som går utan løysing på dei bygningsmessige utfordringane, nærmar vi oss grensa til det som må kallast uforsvarleg

Eva Vinje Aurdal
Meninger

I dialogen har ein fått inntrykk av at dette var under kontroll. Sunnmørsposten sitt oppslag måndag om situasjonen for utviklingsarbeidet ved Ålesund sjukehus har skapt sterk bekymring for status og konsekvensane dette vil medføre.

Kommunestyret i Ålesund har hatt særleg fokus på tre forhold; det likeverdige tilbodet til pasientane, den bygningsmessige utviklingsplanen med særleg fokus på Ålesund og Volda, og dei økonomiske rammetildelingane i finansieringssystemet. Dei to første punkta er høgst relevante når temaet er utviklingsplanen.


Leder med ansvar for utbygging ved Ålesund sjukehus

– Nå ønsker jeg å stå fram og fortelle. For det har plaga meg

Derfor har det gått så seint med nytt akuttmottak og ny intensivavdeling.


Å lese Sunnmørspostens oppslag, der erfaringane til Rolf Strømsheim, som har stått sentralt i arbeidet med utviklingsplanar for Ålesund sjukehus over fleire år, gir alvorleg grunn til bekymring. Opplysningane som kjem fram i avisinnlegget er lite tillitvekkande med tanke på korleis prosessen har vore i arbeidet med desse utviklingsplanane. Ein kan lett stille spørsmålsteikn ved om styresaka til møtet onsdag er godt nok kvalitetssikra, og om ein no kan vere trygg for at dette ikkje vil gi nye og kostnadskrevande utsetjingar.

Ålesund sjukehus er nr. to sjukehus i regionen etter St. Olav hospital. Vi forventar at administrasjonen og styret tek ansvar for planarbeidet, og at det no blir følgt opp på ein trygg måte. Tolmodet blant innbyggarane og slitasjen på dei tilsette er tynnslite. For kvar dag som går utan løysing på dei bygningsmessige utfordringane, nærmar vi oss grensa til det som må kallast uforsvarleg. Straumforsyninga ved Ålesund sjukehus går inn i rekka av oppgåver som ikkje er løyst på ein tilfredsstillande måte. Straumforsyninga er definert som kritisk med tanke på utviklinga av Ålesund sjukehus, og lite er gjort sjølv om dette over fleire år har stått høgt på prioriteringslista til helseforetaket.

Som ordførar vil eg igjen vise til utviklinga av Ålesund sjukehus som ei føresetnad og eit muligheitsrom for å nå dei ambisiøse måla som er sett for å komme i økonomisk balanse. Om ikkje det bygningsmessige ved Ålesund sjukehus blir prioritert, vil ein heller ikkje klare å gjere pasientbehandlinga i Ålesund betre og meir effektiv. Det krev nytt, tidsriktig utstyr og forbetra logistikk i oppgraderte lokale.


Tillitsvalgte: Nå forventer vi god styring

Slik håper Helse Møre og Romsdal å bygge nytt akuttmottak og ny intensivavdeling ved Ålesund sjukehus.


Truverdig og forpliktande utvikling av Ålesund sjukehus som det mest spesialiserte sjukehuset i Møre og Romsdal, og omsynet til likeverdige spesialisthelsetenester til innbyggarane i Møre og Romsdal er heilt fundamentalt i den vidare utviklinga av helseforetaket. Derfor må utviklingsplanane for Ålesund og Volda sjukehus garanterast på lik linje som det nye Sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) har fått sine garantiar. Vi imøteser no ein utviklingsplan som på ein god måte definerer behovet for spesialisthelsetenester fram til 2035. Vi forventar også at ein slik plan baserer seg på framskriving av pasientbehovet i tråd med populasjonsveksten på Sunnmøre fram til 2035, på lik linje med det som er beskrive i SNR sine prosjektoppgåver.

Slik kan vi som innbyggarar få tillit til og stole på at vi vil få eit trygt, effektivt og moderne spesialisthelsetilbod ved Ålesund sjukehus – også for framtida.


Sparebank gir 15 millionar kroner til PET-skannar på sjukehuset

Stor donasjon frå Sparebanken Møre til PET-skanner på Ålesund sjukehus. – For ein dag for kreftbehandlinga i Møre og Romsdal, sa innsamlingsleiar.





-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!