Noreg er eit land vi har vore stolte over å bu i og vi har hatt tru på styresettet. Noreg har eit demokrati. Eller har vi det?

Innbyggarar og kommune sa nei til utbygginga til vindturbinar på Haramsøy, men lokaldemokratiet er blitt overkøyrd. Vi kjenner ei sorg over korleis sakene er handsama sentralt.

Folket røyser seg no i protest over handsaminga i ulike vindkraftsaker rundt omkring i landet og vi veks i mengd.

Det er stort fokus på klima i media no, men korleis skilje klima frå miljø? Det er eit samspel og vi kan ikkje setje dei opp mot kvarandre.

Vi les om studiar på karbonutslepp og at vi skal verne fjella våre frå å bli trakka ned. Det får store medieoppslag. No blir store skogsområde, myr og kystlandskap ofra, og vi høyrer lite om det.

Myr lagrar store mengde med karbon og er til stor skade for klimaet når det blir frigitt. Verst er det når myrområde blir drenert og arbeidd med. Klimagevinsten går i minus.

Kvalen som stranda og var full i plast, vekte mange. Ikkje berre her i landet, men langt utover landegrensene. Kan inngrep i naturen som no skjer, blant anna på Haramsøya, også vekkje like mange?

Det går føre seg eit stort overgrep på naturen vår. Med regjeringa si velsigning. Ørner, som vi har mykje av på øyane, anna fugl og insekt, blir drepen av store vindturbinar. Kor mange vil vi finne drepen her?

Landskap, også verneverdige, blir lagt øyde og forsøpla. Kva skjer om det blir oljelekkasje frå turbinane her, slik det har skjedd i t.d. I NordNorge? Kva skjer om 2500 liter giftig olje går i grunnvatnet? Ved fjellfoten på Haramsøy er det fleire private vasskjelder.

Det kjem også opp forsking om uheldige konsekvensar med tanke på infralyd og at det gir helseplager for folk. Og støy.

Skal vi som bur i nærleiken av eit vindkraftverk også ofrast? Kvifor blir ikkje lovene som skal hindre alt dette, teken i bruk?

Det har kome fram ny forsking frå Sintef som syner at vi treng ikkje vindkraft. Vi har nok vasskraft og det kan rustast opp, det er mykje meir miljøvennleg og utan dei store inngrepa som skjer over store delar av landet. Artikkelen blei publisert 28. august 2019.

Vi ser også at det er store kapitalkrefter bak. Andre land fjernar no sine vindturbinar på land. Då ser dei til Noreg. Vår natur. Vårt land. Her har vi natur, som *vi* er villige til å ofre. Og den blir seld ut, bit for bit. Det er Finland som eig det på Haramsøy. Ikkje vi. Fleire land har teke eigarskap andre plassar i landet. Det er dei som sit med utbyttet og vi betalar.

Folkevelde; vi ber så inderleg om at de som er veld inn i kommune og fylke, kontaktar dykkar representantar på Stortinget å stå opp for dykk sjølv og oss. Ta tilbake lokaldemokratiet og gi oss trua tilbake på at vi har eit demokrati.

Kampen vi kjempar er også for framtidige generasjonar. Inngrepa vi er vitne til er irreversible og omfattande.

Saker rundt omkring i landet skal prøvast for retten. La ikkje energilova trumfe over alle andre lover. Også Grunnlova.

Legg parti til side, tenk, bruk fornuft, sjå deg rundt kva som faktisk skjer og støtt under høyringsforslaget, der det blir gjort framlegg om å utsetje byggestart av vindturbinar til saka er prøvd for retten.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!