Vi har språklov frå 1981 som gjeld i dag. «Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat fylkeskommune eller kommune». Dette seier paragraf ein i gjeldande lov. I framlegget frå regjeringa er språka ikkje lenger jamstelte. Det som står om offentlege organ, at dei har ansvar for «å bruke, utvikle og styrkje», seier noko anna og pliktar ikkje staten til å jamstella dei. Gjeldande lov forpliktar staten til å jamstella heile tida. Lovframlegget reduserer jamstellinga frå påbod til allment føremål.

Språklova vi har seier i paragraf to: «For statstenesta gjeld dei nærmare reglane i §§ 3 til 11 om plikt til å nytte bokmål og nynorsk». I framlegget frå regjeringa er det ikkje plikt. I staden ei lausare, ikkje forpliktande oppmoding.

Tredje paragraf i gjeldande lov seier: «Der særlege grunnar talar for det, kan Kongen gjere unnatak heilt eller delvis for visse organ eller verksemder som fell inn under reglane i lova». Vi merkar oss «særlege grunnar» og Kongen i statsråd. I framlegget til ny lov kan departementet sjølv, utan særlege grunnar setja saksområde utan avgrensingar utanfor språklova.

Dette er det nye og viktige. Av det regjeringa skriv går dette ikkje klart fram. Til ein kort lovtekst har regjeringa ein proposisjon til Stortinget på ulasteleg nynorsk over 150 store sider. Lovframlegget er gjort uklart ved at det ikkje er sett opp mot gjeldande lovtekst, slik det elles er vanleg i lovframlegg til Stortinget. Meir uklart blir det av påstanden om fyrstegongs språklov. For dei som ikkje kjenner til lova vi har, kunne det nye sjå fint og tilforlateleg ut.

Her kan difor vera grunn til å minna om bakgrunnen for lova av 1981. Stortinget vedtok i 1885 å jamstella «det norske Folkemaal» med «det almindelige Bogsprog». Men dette var stridsspørsmål. Riksmålsforbundet var skipa for å gå imot jamstellinga og mot nynorsk i skulen, og Høgre var imot til 1970-åra. Då kom ei språkmelding som eit breitt fleirtal slutta seg til, der Høgre var med. Dette var i glansdagane for folke-høgre med Erling Nordvik, Håkon Randal og Kåre Willoch. Og eit stort fleirtal vedtok språklov på grunnlag av Språkmeldinga – det fanst og finst berre ei. Seinare har Høgre gått tilbake til den gamle språkpolitikken og har lagt seg opp til Fremskrittspartiet mot sidemål og mot jamstelling.

Men desse partia er ikkje i fleirtal på Stortinget. Alle parti på Stortinget som har program for å styrka nynorsk har ein ting å gjera, eller helst to. Retta opp framlegget frå regjeringa i samsvar med gjeldande lov og vedta presiseringar som finst i det nye framlegget. Det andre Stortinget bør gjera er å setja ned ei sakkunnig nemnd til å koma med ny språkmelding for å sikra retten til å bruka norsk i høve til engelsk. Utan slik utviding vil all språklovgjeving vera forelda.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!