Lesarinnlegg:

«Er verkeleg vindturbiner på Haramsfjellet det verste som kan skje?»

Ved å lese lokale media kan ein nesten få dette inntrykket.

Haramsfjellet: Her skal dette planen kome åtte vindturbinar med tårn på 82 meter og totalhøgde 150 meter. Utsikt vestover.  Foto: Rune Bergsnes

Meninger

Lesarspaltene er fylte med følelsesladde innlegg og til dels sterkt overdrivne påstandar om alle skadeverknadane slike installasjonar har for folk, fuglar og natur. Engasjement, ordbruk og aksjonsformer som vindkraftmotstandarane nyttar er sterkt og heilt sikkert ektefølt. Dei som ikkje er einige med aksjonistane ser ut å sitte stille i båten, og det er langt imellom reflekterte vurderingar frå fagfolk, presse og politikarar.


Ekteparet Thue overleverte 22.000 underskifter:

Olje-og energiministeren: – Jeg forstår det er mye følelser knyttet til dette

Olje-og energiminister Tina Bru fikk fredag overlevert 22.000 underskrifter mot bygging av vindkraftverk på Haramsøya.


I Møre og Romsdal er det utifrå det eg veit berre to øyar der det er plassert vindturbiner, på Harøya og Smøla. Der lever dei etter det eg forstår godt saman med vindmøllene. Korleis kan det henge saman at dei som har erfaring med vindmøller i nabolaget ikkje ser dette som noko stort problem, medan folk som berre har reist gjennom slike område trur at dette vil øydelegge bumiljø og trivsel?

Etter mi ringe vurdering er Haramsfjellet truleg eit av dei meir egna områda for ein vindpark. Området er nokså flatt på ei fri høgdeslette med stabile vindar. Området er allereie utbygt med vegar og dyrkingsfelt. Utanom dyrkamarka er det stort sett berre lavtveksande vegetasjon.


Haramsøya:

Industrileiar på Haramsøya tar avstand frå boikott

Bedriftseigar Andreas Aakre meiner det er feil å boikotte næringsdrivande som samarbeider med Stangeland maskin.


I bustadområda på øya vil ein ikkje sjå særleg mykje til turbinene på grunn av at dei blir plasserte inne på fjellplatået, men dei blir sjølvsagt godt synlege frå fastlandet og naboøyane. Det finst i dag gode system som kan oppdage ørn og andre store fuglar på veg mot møllene og stanse møllene til fuglen har passert.

Det er eit politisk ansvar på høgste nivå å skaffe folk energi og andre viktige fellesgode. Derfor må folk i nærområda belastast med byggverk og installasjonar. Det er politisk fleirtal for å bruke meir elektrisk kraft i Noreg. Elektrifiseringa av bilpark, ferjer, sokkel m.m. går for fullt slik at energibehovet frå fornybare kjelder aukar både her i landet og i resten av verda. Overgangen frå fossilt drivstoff til fornybare kjelder er ein dugnad som alle må vere med på.

Viss lokalbefolkninga fekk avgjere alle slike saker er det ikkje sikkert at den store fyllinga som øydelegg for kulturmiljøet ved Lepsøyrevet fyr og bru og fyllingar for Nordøyvegen i fuglefredingsområdet som pågår i hekke- og gytetida hadde fått fleirtal. Det er heller ikkje mange som ynskjer motorvegar, flyplassar, fengsel, industri, atomkraftverk o.l. i nærområdet sitt.

I tillegg burde kanskje dei fastbuande av vindkraftmotstandarane tenke på det faktumet at kvar innbyggar på Nordøyane er i ferd med å bli tilgodesett av storsamfunnet med om lag to millionar til fastlandssamband. I staden for å irritere seg over synlegheita av produksjon av fornybar energi, kunne kanskje vere ein ide å heller vere med på å yte litt tilbake til verdssamfunnet si klimasatsing?


Leserinnlegg:

«Nei til vindturbiner på Haramsfjellet»

Møre og Romsdal KrFs fylkesstyre ber regjeringen stanse utbyggingen av vindkraftanlegget på Haramsøya i påvente av krav fra Ålesund kommune om gjennomføring av nye støykartlegginger, og inntil varslet sak fra Motvind Norge og Nei til vindkraft på Haramsøya er avklart i rettsapparatet.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!