Lesarinnlegg:

«Slå ring om sjukeheimane!»

Når eg høyrer ordet omstrukturering, vert eg uroleg.

Illustrasjonsfoto:   Foto: Frank May

Meninger

Det betyr oftast nedlegging og sentralisering av tilbod for dei mest sårbare, born og eldre. Ålesund sender no signal om omstrukturering, ei elendig økonomistyring skal gå ut over primæroppgåvene som er helse og omsorg, skule og opplæring, men ikkje eitt ord om reduksjon av det talrike, høgtlønt byråkratiet på rådhuset.

Så gjekk det som vi trudde, vi som røysta nei til samanslåing med Ålesund, tenestene er blitt dårlegare og dyrare. Over 80 % av røystene sa nei, eit tydeleg uttrykk for mistru og motvilje mot samanslåingsplanane. Mange eldre og pårørande er no usikre, kva blir neste trekk? Står sjukeheimen i bygda vår i fare for å bli «omstrukturert» som administrasjonen så tilslørt kallar det?


Nye Ålesund kommune er eit halvt år - her er folkets statusrapport:

Derfor ønskjer dei seg ut av storkommunen


To episodar står klart føre meg. Den eine er frå Stranda dit fleire ørskogbygdarar ei tid var sendt på sjukeheim ettersom Ørskog ikkje hadde sjukeheim på den tida. Eigen sjukeheim vart først bygd då «Steina-Marja» gav Steinaplassen til dei eldre i bygda. Det var i 1975 eg besøkte den gamle mannen. Han gret så tårene rann sjølv om tenestene på Stranda var gode nok. Men god mat og pleie kunne ikkje døyve heimlengten og sorga over å ikkje få vere i heimbygda på livskvelden. Den såre gråten gjorde eit stort inntrykk, eg gløymer det aldri.

Den andre episoden er frå eit møte på rådhuset på Sjøholt om samanslåinga med Ålesund. Ordførar Knut Harstad blei spurt om eldre pleietrengande stod i fare for å bli sende ut av bygda til andre sjukeheimar. Dette svara han benektande på, ingen skulle bli sende til institusjonar i andre «bydelar». Forresten lova dei politiske partia det same under valkampen. No står det att å sjå kva lovnadene er verd.


Kronikk:

«Mangel på kontinuitet – en trussel mot god demensomsorg»

Mangel på kontinuitet hemmer tilrettelegging av lindrende omsorg til personer med demens i sykehjem. Tidspress og økte krav om effektivitet rammer spesielt beboere med demens. 


Sentralisering betyr dyrare og vanskelegare høve til besøk, og forringa trivsel og livskvalitet i siste fase av livet. Kan politikarane i Ålesund akseptere det utan å ta grep for å redusere byråkratiet? Er det enklare å redusere talet på tilsette i skular og eldreomsorg enn på rådhuset?

Når Ålesund har flotta seg med skyhøge løner, konferansar og kostbare arrangement for å feire tvangssamanslåinga, reknar eg med dei ikkje kuttar i primæroppgåvene. Det er ikkje born og pleietrengande eldre som skal betale for festen! Når eg tenkjer på alle slitarane i den generasjonen som no treng sjukeheimsplass, meiner eg det er uverdig å redusere hjelpa, eller omstrukturere som det heiter.

Vi er mange som står bak kravet om at ingen skal sendast ut av eiga bygd for å få sjukeheimsplass. Ålesund har rikeleg ressursar om dei brukar dei rett, nemleg til primæroppgåvene. Lat oss sleppe å høyre gråt frå gamle som lengtar til heimstaden sin.


«Jeg følte meg sjelden trygg» - pårørende til personer med demens i sykehjem

Pårørende til personer med demens erfarer et vedvarende og tyngende ansvar for sine nære til tross for innleggelse i sykehjem.




-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!