Lesarinnlegg:

Sjølvmål av teknisk sjef og Høgrepolitikar?

Det er lett å dele Ivar Otto Kristiansen sin forståelege frustrasjon over den visuelle forsøpling som vindkraftutbygging påfører norsk natur.

Tussa:   Foto: Knut Arne Aarset

Meninger

Når Kristiansen rettar sin vrede mot Tussa, så adresserer han etter mitt syn denne frustrasjonen til feil mottakar.

At Kristiansen byter kraftleverandør er sjølvsagt ei privat sak, men når han som teknisk sjef i Ørsta kommune, som er største aksjonær i Tussa, oppmodar til boikott av selskapet, kan han i sin frustrasjon, ha kome i skade for å ha vore illojal overfor eigen arbeidsgjevar.

Som eit samfunnsengasjert menneske har Kristiansen mange hattar å passe på, men i denne saka har han, etter mitt syn, kome i skade for å tre minst ein hatt langt nedover augene. I staden for å skyte mot Tussa fordi dei har ein aksjonær med ein liten aksjepost i vindkraft, så burde Høgre-politikaren Ivar Otto Kristiansen heller rette skyts og boikottoppfordring mot dei som har lagt til rette for vindkraftutbygging. Det ansvaret ligg på regjeringa, Kristiansen sitt eige parti og dei politiske partia, som har stimulert, og lagt til rette for vindkraftutbygging, og sytt for at vasskraft i dag er den hardast beskatta næringa i Noreg.


Volda-politikar oppfordrar Tussa-kundar til å vrake straumleverandøren sin:

– Det som fekk meg til å reagere, er at dei har ein eigar som støttar vindkraft

Tysdag publiserte Ivar-Otto Kristiansen (H) eit innlegg på Facebook der han skriv at han har bytta straumleverandør frå Tussa til Stranda Energi, og oppfordrar andre til å gjere det same.


I dag vert vasskraftnæringa skattlagd via ein grunnrenteskatt med 59 %, medan vindkraft kun betalar ordinær selskapsskatt på 22 %. Medan den generelle selskapsskatten har gått ned i Noreg, har vasskraftnæringa siste åra fått fleire skatteskjerpingar, seinast i statsbudsjettet i 2018.

Det er eit stort paradoks at medan regjeringa ynskjer å kutte 80-95% av alle klimagassutslepp innan 2050, så skattlegg dei landets viktigaste, reine og fornybare energikjelde, vasskraft, på ein måte som hindrar ei samfunnsøkonomisk lønsam, og naudsynt modernisering av gamle kraftverk. Ei modernisering som kunne tilført Noreg inntil 15 % større energikapasitet, utan store naturinngrep. Dette kunne ha hindra mange vindmøller, og verna mykje uerstatteleg natur, så forstå politikarane sin logikk den som kan!


Lesarinnlegg:

«Å rette bakar for smed»

Som ansatt i Tussa har eg og mange av mine kollegaer merka oss utspelet til Ivar Otto Kristiansen si oppfordring om å skifte straumleverandør pga. Tussa sitt påståtte engasjement i vindkraft.


Tussa er ei hjørnesteinsverksemd og ein stor og viktig arbeidsplass for Ørsta kommune. Kommunen får viktige skatteinntekter, og har i årevis fått store årlege aksjeutbytte frå selskapet. Dersom Kristiansen får gjennomslag for si boikottoppmoding av Tussa, så kan det medføre relativt store negative konsekvensar. Eit omdømetap på feilaktig grunnlag, kan råke selskapet dyrt økonomisk. Tap av tillit og kundar vil ta lang tid å vinne tilbake. Dette kan igjen føre til at Kristiansen sin arbeidsgjevar, Ørsta kommune kan tape skatteinntekter og aksjeutbytte, som i sin tur fører til at kommunen får mindre pengar til eldreomsorg, skular og andre viktige samfunnsoppgåver.

I sin frustrasjon over vindkraftutbygging har etter mitt syn teknisk sjef i Ørsta kommune med sitt boikottutspel skote eit sjølvmål, som kan påføre både Tussa, og hans eigen arbeidsgjevar skade. Ordførarane i Ørsta og Volda har sagt sitt, og eg trur at fleire enn meg ventar i spaning på korleis kommunedirektøren stiller seg Kristiansen sitt utspel i denne saka.


Reagerer på Tussa-kritikken til Kristiansen:

– Eg føler meg litt ukomfortabel med heile situasjonen som ordførar og eigar

Stein Aam, ordførar i Ørsta kommune, meiner kritikken som Ivar-Otto Kristiansen retta mot Tussa er overraskande. No vil han ta saka opp med kommunedirektøren.

Ordførarar med felles uttale om oppmoding til boikott av Tussa:

«Å trekke Tussa inn i denne saka er både urimeleg og ulogisk»


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!