Rusreform:

«FN og norsk narkotika-politikk»

Lovbrot: Narkotikakonvensjonen (1988) seier at innehav, erverv og tilverking av narkotika til eige bruk skal vere straffbart.  Foto: Napocska/Shutterstock/NTB Scanpix

Meninger

Når ein les innlegget til leiaren for «Foreningen Tryggere Ruspolitikk» i Sunnmørsposten 22. juni, kan det verke som om mest heile FN-systemet berre står og ventar på at Noreg endeleg skal avkriminalisere bruk av narkotika. Slik er det ikkje.

Ingen land har gjort dette før. Ingen land har avkriminalisert alle typar narkotiske stoff i så store brukardosar som det rusreformutvalet foreslår.

Det Noreg er juridisk forplikta av er verken kva personar i FN-komiteane eller kva FNs Høgkommisær for flyktningar meiner. Noreg er forplikta av ordlyden i Narkotikakonvensjonane frå -61, -71 og -88, og av Barnekonvensjonen. 196 av 197 statar har ratifisert Barnekonvensjonen. Berre USA manglar. Narkotikakonvensjonen (1988) seier at innehav, erverv og tilverking av narkotika til eige bruk skal vere straffbart. Barnekonvensjonen seier at barn skal vernast mot ulovleg bruk, sal og produksjon av narkotika.


Etter omfattande internasjonale prosessar har alle desse statane klart å bli einige om ein felles forpliktande ordlyd, eit minste felles multiplum for menneskerettar i heile verda.

Leserinnlegg:

Hjelp, ikke straff

Å tolke slike folkerettsleg bindande avtalar er verken opp til Verdsorganisasjonen for helse eller Høgkommissæren for flyktningar. Ikkje ein gong leiaren for FNs narkotikabyrå (INBC) skal gjere dette. Til det har vi artiklane 31 og 32 i Wien-konvensjonen om traktatretten (VCLT) frå 1969. Der finn vi retningslinjene for korleis slike internasjonale konvensjonar skal tolkast. INBC er elles berre eit rådgivande kontrollorgan.

Frp varsler motstand mot rusreformen

Det er naivt å la ungdom med fem gram amfetamin i lomma gå helt fri, mener Frps Åshild Bruun-Gundersen. Hun advarer mot regjeringens rusreform.


Noreg bør korkje undergrave menneskerettane eller narkotikakonvensjonane for at folk skal få lov til bruke narkotika straffefritt. Påstanden om at Noreg vil tape ansikt i internasjonale fora dersom vi ikkje avkriminaliserer, synest merkeleg, all den tid ingen andre land har avkriminalisert bruk av narkotika i så stort omfang som det rusreformutvalet foreslår.

Vi treng heller ikkje avkriminalisere for at narkotikabrukarar skal få tilgang til verken helsetenester eller skadereduksjons-tilbod i Noreg i dag.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!