Den har til hensikt å unngå open debatt om ein politikk som er langt meir radikal og samfunnsendrande enn det folk flest er klar over. Strategien med å unngå merksemd og offentleg debatt er omtala i Iglyo-rapporten (nov. 2019). Her blir Norge framheva som eit føregangsland. Noko som er takka lydige politikarar som Aurdal (min kommentar).

At ordføraren på denne måten stenger for debatt, uroar meg av fleire grunnar. Det uroar meg;

fordi; Pridebevegelsen og Fri sin politikk vil kunne få konsekvensar for oss alle gjennom avgrensing av ytringsfridomen som er ein av berebjelkane i demokratiet. Forslag til endring i Straffelova ligg nemleg til behandling i Stortinget no i sep. og okt. Denne endringa kan få konsekvensar når det gjeld kva ord vi kan bruke for å uttrykke våre tankar og meiningar om t.d. Kjønn.

fordi; den ovannemnde endringa vil også kunne bety svekking og undergraving av jenter og kvinner sine rettigheiter.

Men mest av alt, uroar det meg

fordi; Pridebevegelsen har gjort barn og unge til målskive for sin radikale kjønnsideologi. Dette har dei lykkast med gjennom planlagd og målbevisst arbeid. Rosa Kompetanse som er organisert som ei fagavdeling i Fri, har i fleire år tilbydd statsfinansierte kurs for tilsette i skole-, helse- og sosial- og justissektoren. I tillegg til at ideologien har fått stort gjennomslag i undervisinga i skule og barnehage, så er barn og unge eksponerte for radikal kjønnsteori gjennom massiv påverknad i media.

Prideeideologien sin strategi har soleis fått fullt gjennomslag her til lands, bl.a. takka vere tause politikarar som sikkert ut frå mange grunnar har stengt for openheit og offentleg debatt.

At barna blir «politisert», er alvorleg. Påverknaden som skjer allereie frå barnehagealder der barna t.d. vert fortalt om å vere «fødd i feil kropp», vil kunne påverke deira forhold til eigen kropp og til eigen identitet. Særleg vil dei sårbare barna vere i risiko for usikkerheit og forvirring.

Men det aller mest urovekkande er det som skjer når det gjeld helsetenestetilbodet til unge med kjønnsinkongruens. Helsedirektoratet har nyleg kome med ei ny fagleg retningslinje for behandling av personar som opplever manglande samsvar mellom opplevd kjønnsidentitet og biologisk kjønn.

Til trass for uvanleg skarp kritikk frå fleire tunge aktørar i helsefeltet, bl.a. frå direktoratet sine eigne rådgivarar i Folkehelseinstituttet og Forening for barne- og ungdomspsykiatri) har kritikken blitt ignorert. Så den gjeldande faglege retningslinja er basert på radikal kjønnsideologi framfor evidens og kunnskap. Og den tilfredsstiller heller ikkje Helsedirektoratet sine eigne krav til retningslinjer.

Det betyr ein skremmande situasjon der våre helsemyndigheiter går inn for ein desentralisering av behandlingstilbodet til ein sårbar gruppe med stor grad av psykisk tilleggsproblematikk. Dette igjen gir stor risiko for feilbehandling og alvorlege livslange psykiske og fysiske konsekvensar for dei unge som dette gjeld. Internasjonalt har forskarar og fagfolk åtvara om at ein slik praksis kan føre til ei medisinsk skandale.

Til sist; Aurdal sin uforbehaldne støtte til forslaget om endring av flagglova, forundrar meg ikkje då det er i stil med resten av svaret ho har kome med. Eg hadde nok forventa nokre refleksjonar om bruken av flagg som eit sterkt og samlande symbol, som er noko vi sårt treng i eit stadig meir polarisert samfunn. Eg trudde også at ei viktig oppgåve for ein ordførar var å framheve det som foreinar oss til trass for ulike syn både livssynsmessig og politisk. Men der tok eg visst feil!

Eg gjer forøvrig merksam på at Regjeringa har invitert alle til å levere høyringssvar om dei føreslåtte endringane i flagglova. Fristen er 31. august.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!