Lesarinnlegg:

«Kunnskap om kulturlivet»

Ringverknadsanalyse: Marit Nerås Krogsæter svarar på kritikken frå Falk Daniel Øveraas om bruk av pengar på analyser.  Foto: Leikny Skjærseth

Det er slik dokumentert kunnskap som gjer at kulturen som heilskap i tida framover kan utvikle seg til å nå ut til enno fleire i fylket.

Marit Nerås Krogsæter
Meninger

Høgre og Falk Daniel Øveraas meiner at det er umusikalsk med kunnskap om kultur og for så vidt også folkehelse, og seier at det å bruke kunnskapsmiljø utanfor fylket for å identifisere verdien av kultur er å kaste kulturpengar ut vindauget. Desse pengane kan ein bruke betre til kulturtiltak og næringsliv.


Leserinnlegg:

«Å kaste kulturkroner ut av vinduet»

Senterpartiet roper etter mer midler til kultur, samtidig kaster fylkeskommunen penger etter konsulenter for å få vite ting vi allerede vet.


Til orientering så har Høgre vore med på å gjere vedtak om den fyrste ringverknadsanalysen i økonomiplanen for 2018 og den andre analysen i kultur- og folkehelseutvalet i 2019.

Sjølv så meiner eg at kunnskap om kultur og korleis fylkeskommunen faktisk brukar pengane til det beste for fellesskapet er viktig for å nå ut til fleire av innbyggarane våre med midlane i åra framover. Analysane er viktig i arbeidet med publikumstiltak og fungere som ei nullpunktsanalyse, som igjen vil gjere det mogleg å gjere midlane fylkeskommunen forvaltar meir målretta.

Øveraas skriv mellom anna at fylkeskommunen kastar «penger etter konsulenter for å få vite ting vi allerede vet» og ja, mange av oss veit frå før at kulturen har ein verdi i tillegg til å vere viktig for individet, for fellesskapet og for lokalsamfunna, men i den store kampen om midlar, så har kulturen «tapt» gong på gong om viktige midlar til formidling, drift og utvikling fordi me ikkje har hatt denne kunnskapen dokumentert. No er den det.


Helgapraten

Introverten Marit elsker å jobbe med mennesker

Når hun går ut døra om morgenen trer Marit Nerås Krogsæter som regel inn i en rolle som lektor eller politiker. Den introverte privatpersonen Marit legger hun igjen hjemme.


Det er ei kjensgjerning at det er mykje enklare å talfeste tapet eit lokalsamfunn får dersom me som fylkeskommune tar bort ein ferjeavgang enn det er om me ikkje gjev pengestøtte til festivalar.

No har me denne kunnskapen, og sjølv om mange av oss visste dette frå før, så er det slik dokumentert kunnskap som gjer at kulturen som heilskap i tida framover kan utvikle seg til å nå ut til enno fleire i fylket.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!