Både nasjonalt, regionalt og lokalt har talspersonar for næringa og politikarar lufta sine tankar om organisasjonsforma – og jamvel fått gjennomslag for endringar. At ettertida har vist at alt kanskje ikkje vart akkurat slik ein ynskte, har kome til uttrykk også i det siste.

Her i fylket er det slått til lyd for ei omorganisering av reiselivet. Målet kan vere å slå saman selskapa Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Visit Nordmøre og Romsdal. I ei eller anna form må også Geiranger vere med. I dag står den viktige turistbygda utanfor eksisterande organisasjonsform på Sunnmøre. Finansieringa er tenkt ordna etter same modellen som no. Det vil seie gjennom årlege bidrag frå næringa sjølv og det offentlege.

Turistmål

Få stader i landet – om nokon – har eit så variert og utstrekt tilbod av attraksjonar, som tilfellet er med Møre og Romsdal. Med fare for å utelate noko, kan det lett bli ramsa opp turistmål som Trollstigen, Atlanterhavsvegen, Hjørundfjorden, Runde og Alnes, vakre byar som Ålesund, Molde og Kristiansund – og sjølve perla, verdsarven Geirangerfjorden. Og i og kring dei nemnde, finst tilrettelagde turar i ein variert og spennande natur.

Kort fortalt er det snakk om eit fylke som er fullpakka av opplevingar som står høgt i kurs hos eit stendig meir kritisk publikum.

Det er nærliggande å meine at tanken om ein reiselivsorganisasjon som skal dekke heile Møre og Romsdal, har noko for seg. Personleg vil eg tru at dei kreftene som arbeider med dette som mål, vil nå fram.

Geiranger

Men der kan oppstå skjer i sjøen. Eg ser ikkje bort frå at det finst sterke krefter med ynske om plassering av administrasjonen, om kor mange reiselivskontor der bør vere. Mitt ynskje er at slike tankar og meiningar ikkje må vere til hinder for at dei komande drøftingar strandar.

Trass mine åtvaringar vil eg likevel hevde at ein ikkje kan sjå bort frå den største og mest viktige destinasjonen i fylket, nemleg Geiranger. Verdsarvbygda bør i ei eller anna form ha ein sentral plass i den eventuelt nye organisasjonen.

Turistavgift

Geiranger er aktuell for endå ei endring, som kan vere på trappene. Det kan vere på tale å innføre avgift for trafikken til verdsarvdestinasjonane ved Sognefjorden og Geiranger. Her kan det bli satsa på betaling av bompengar (eller turistavgift, slik det blir omtala som) for trafikk inn og ut av området.

Korleis dette kan bli ordna i praksis, skal bli spennande å sjå. For Geiranger vil bomstasjonar ved Korsmyra og i nærleiken av Djupvasshytta vere nærliggande å tru.

Målet med turistavgift er at ferdafolket skal vere med å dekke utgifter til eigen nytte. At det vil redusere innsatsen til det offentlege, kjem neppe på tale. Staten og verdsarvkommunane vil framleis ha ansvaret for halde standarden på eit nivå som ein verdsarvstatus stiller krav til.

Også sjøfarande

Er det berre snakk om å legge ei avgift på trafikk av køyretøy, eller skal også personar som kjem sjøvegen bli omfatta av ordninga? Dette vil vere eit mellom fleire spørsmål dei som står bak, må finne ei løysing på. For cruisetrafikken har det gjennom fleire tiår vorte kravd ilandføringsavgift.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!