Vi bestemødrene og bestefedrane på Haramsøya som prøvar å forseinke vandaliseringa av fjellet vårt tenkte at vi kan kanskje prøve å forhindre entreprenøren i å få dynamitt ut på øya. Alle veit at fjell som er sundskote ikkje kan reparerast.

Dessverre kom vi i skade for å forseinke ei dynamittsending som skulle brukast til arbeid på Nordøyvegen. Dette er vi svært leie for.

Det er ikkje vår meining å verken å hindre Skanska eller andre entreprenørar utanom dei som held på og skyt forderva Haramsfjellet.

Etter at vi no i fleire veker har vore utestengde frå fjellet der vi med våre eigne kroppar prøvde å hindre gravemaskiner frå å grave, har vi følt oss rådlause og motlause. Vandaliseringa og raseringa har eskalert i stort tempo. Vi er fortvila.

Folk som har gått på fjellet i helgane har rapportert om store øydeleggingar. Vi kan berre sjå på og gråte. I fleire månader har vi streva og protestert etter beste evne og med alle lovlege midlar for å forhindre at øya vår og fjellet vårt vert øydelagt. Det har vore arbeidt av mange for å avdekke feil og manglar ved konsesjonen Haram kraft har fått.

Mange feil har vorte funne og sende inn til departementet med bønn om stans i arbeidet medan dei går igjennom feila og avgjer om konsesjonen er ugyldig. Stortinget bad før sommarferien om at dette vart gjort. Dessverre tek departementet seg svært god tid og nektar å stanse anleggsarbeidet medan granskinga og behandlinga pågår.

Medan tida går med trenering frå OED si side, græv gravemaskinene og ikkje minst skyt dei sundt fjellet vårt. Og skotne berg kan ikkje reparast. Å prøve å hindre at entreprenøren fekk dynamitt på øya via ferger var siste moglege veg vi kunne sjå for å forhindre meir øydelegging.

Dessverre gjekk det utover andre denne gongen. Vi kan berre sterkt beklage dette. Og håpe på at folk kan forstå vår kjensle av maktløyse og vår fortviling.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!