Plastgranulat: Slik ser plasttypen HDPE ut etter å ha gått gjennom sorteringsanlegget. Resirkulert plast er ei råvare som smeltast om for å bli nye produkt. 

Kronikk:

«På tur med plasten»

Kva skjer eigentleg med plasten ÅRIM samlar inn, har fleire spurt den siste tida.

La oss ta ei reise med plasten for å sjå kva som skjer på vegen til gjenvinning. Du skal få sjå kva resirkulering handlar om.

Kronikkforfatter: Ingeborg Ukkelberg i ÅRIM ved norsk plastemballasje som er sendt til Kedenburg i Tyskland. Her blir store delar av den norske plasten materialgjenvunne. 

Vi startar turen på ei norsk oljeplattform. Vi ser at råoljen blir pumpa opp og transportert til land. Oljen blir raffinert, og råvarer for produksjon av plast blir eksportert til aktørar som produserer plast i heile verda. Oljen skal blant anna bli ei ketchupflaske av plast som skal hamne i kjøleskapet ditt. Vi ser at prosessane for å hente ut råvarer til plast er ressurskrevjande.

Vi drar heim. Plastflaska blir produsert, og snart blir ho både kjøpt og brukt. Du sorterer flaska som plastemballasje, og set ut plastsekken saman med papirdunken din. Så ser du at Årim hentar plast og papir i same bil. Renovatøren legg plastsekken på ein sida i bilen, papiret på den andre. Etter henting blir plastsekkane plukka ut frå papiret, komprimert, og fyller eit vogntog. Plastsekkane skal til Kedenburg i Tyskland.


Synspunkt:

«Årim – Et lokalt bidrag til europeiske plastbål?»

Hva skjer egentlig med plasten vi sorterer?


Vi reiser med plasten med returtransport, altså eit vogntog som normalt ville gått tomt tilbake frå Ålesundregionen. Vel framme skal plasten gjennom eit avansert plastsorteringsanlegg. Vi får sjå at material som dei ikkje kan lage ny plast av blir sortert ut manuelt, blant anna isopor, vednett, leiker og sko.

Frå plastprodukt til ny råvare

Vidare sorterer anlegget ut plasttype for plasttype. I plastsekkane frå Årim er der rundt sju ulike plasttypar, kvart material til sitt bruk.

Blant desse er der også fleire produkt som er sett saman av ulike material, for eksempel plast og papir. Blandingsmaterial forvirrar sensorteknologien i anlegget, og blir sortert ut som restavfall. Det same gjeld plasttypar som maskinene foreløpig ikkje klarer å lese. I dag er fleire plastprodukt ueigna for gjenvinning – produsentane har ikkje designa dei for det. Det er difor nødvendig at plastprodukt i butikken lar seg resirkulere i praksis. Ukurant plast går til energigjenvinning og blir trygt behandla.

Vel gjennom plastsorteringsanlegget er ketchupflaska blitt til ei råvare igjen. Plasten er det vi kallar granulat, og er klar for omsmelting. Plasten som kjem frå Ålesundregionen går gjennom systemet til Grønt Punkt, som har avtalar med fleire plastsorteringsanlegg. No skal råvara vidare. Tre fjerdedelar av den gjenvunne plasten frå Noreg går til plastprodusentar i Tyskland. Resten går til Belgia, Bulgaria, Finland, Nederland og Estland.


Lesarinnlegg:

«Nyttar eigentleg kjeldesortering?»

Nyleg har Folkeopplysningen og Debatten på NRK teke opp kjeldesortering og gjenvinning, særleg av plast.


Vi følgjer plastmateriala vidare til Lünen, ein køyretur unna anlegget der plasten vart sortert. Her får vi sjå ein imponerande avfallsindustri der dei materialgjenvinner ei rekke avfallstypar. Her er det heilt tydeleg at avfall er ein ressurs – ei råvare – som blir utnytta. Vi ser at delar av plasten frå Noreg blir brukt til fleire produkt, blant anna byggingsmaterial av plast. Dette er der ein marknad for. Kanskje kjem ketchupflaska di tilbake som del av eit nytt plastrøyr i huset ditt?

Det handlar om å bruke ressursane fleire gonger

Vi starta reisa på ei oljeplattform, ein svært ressurskrevjande del av plastproduksjonen. Når ein analyserer dei samla miljøpåverknadane ved å produsere plast, utgjer det å hente ut og raffinere oljen ein stor del av klimagassutsleppet. Mykje av miljøgevinsten ligg i at materialgjenvunne plast erstattar bruk av ressursar som ikkje er fornybare, altså olje.

Vi hoppar altså over turen til oljeplattforma og oljeraffineriet. Material som allereie er i omløp blir brukt fleire gonger. Råvarene blir dermed brukt sirkulært i staden for lineært. Resirkulering av plast handlar om sirkulær økonomi.

På sytti år har den globale produksjonen av plast stige frå 1,5 til 350 millionar tonn per år. Vi bruker plast til alt, og plastbruken er framleis i vekst. Å utnytte ressursane vi har henta ut flest mogleg gonger før dei går til forbrenning, er difor heilt nødvendig. I denne raske forbruksveksten har ikkje avfallssystema utvikla seg så raskt som vi skulle ønske, men vi er på veg.


Strandryddeveka 2020:

Poserte i plast frå fjøra: – Det er ikkje søppel, det er ressursar

Mellom 5. og 20. september gjekk Strandryddeveka av stabelen. Laurdag var det den offisielle strandryddedagen, som blei feira på ein litt annleis måte på Runde.




Systemet er bra, men kan bli betre enn i dag

I framtida håper eg å ta deg med på ei kortare reise med plasten. Da blir plasten sortert nasjonalt eller regionalt, og råvarene blir brukt ein kortare tur unna oss. Da har vi velfungerande verdikjeder som fungerer frå plastproduktet blir designa, gjennom sorteringsanlegg, til at resirkulerte material er attraktive å bruke i nye produkt.

Målet må vere å resirkulere ketchupflaska fleire gonger nærare oss. At Årim og andre tek større ansvar for å utnytte ressursane i avfallet, er ein del av løysinga for å få ei velfungerande og berekraftig avfallshandtering. Det er dit vi vil.


Lesarinnlegg:

Still krav til dei som produserer søpla!

Både private og kommunale avfallsselskap ber nå myndigheitene stille krav om at emballasje må kunne materialgjenvinnast lettare.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!