Kjent regnet piske dei i andletet, kald vind frå nord, våte sokker, våt genser, kalde øyrer og kalde hender. Denne onsdagen har dei lært og hugsa riktig klede for uteskule.

Vi går ut i skulegarden og står klar for å gå på ein ny tur. Frå skuleporten ser vi ein mink nede på stranda. Kanskje same minken som sprang mellom beina på oss og la på svøm for to veke sidan når vi fiska krabbe nede med nausta? Same minken som krangla med oteren som bor bak moloen, den moloen som storebåra knuser imot på vinteren og spruter sjøvatten 10–15 meter opp i lufta. Det er rart at vi i eine årstida kan ha symjeundervisning i det hamnebassenget, der det i ei anna årstid kan vere så farleg å opphalde seg.

Elevane elskar desse naturkreftene her på Alnes, lik turistar, lokalbefolkninga, fotografar, surfarar, kunstnarar gjer … Eg prøver å blåse i fløyta og samle alle elevane. Nokre står opp på haugen i skulegarden, brettar ut jakka si som eit segl og lener seg fram mot vinden og kjenner korleis naturkreftene får kroppen til å stå i ein unaturleg skråposisjon, slik berre Michael Jackson kan. Når alle er klare går vi.

Kvar skal vi i dag, spør elevane? Steinbrotet sø i marka? Eventyrskogen? Rundt neset? Fjøra? Fjellet? Sandvika? Skal vi bygge flåte? Rydde fjøra? Når er det Maritim veke igjen? Elevane hugsar det godt, og vil nok seint gløyme den innhaldsrike veka i april for to år sidan då lokalbefolkninga, næringslivet og lærarane snekra i hop ei heil veke med båt, fisking, roing og matlaging i nærmiljøet rundt skulen.

Alt dette er fullstendig mogleg og ligg like nærme skulen, men i dag skal vi lære å lage bål, spikke grillpinnar og ete pinnebrød. Vi deler elevane inn i grupper på 5. Alle får prøve å lage sitt eige bål. Det er skikkeleg vanskeleg, mykje å tenke på, mange gir opp og treng hjelp. Men dei som aldri gav seg, prøvde på nytt og på nytt, lærte av feila sine og fekk tent ein liten flamme, eit lite håp! No gjelde det å la flamme bli større. Meir never! Meir avispapir! Kvar er dei små kvistane? Ikkje legg dei for tett, det funka dårleg sist. Flammen blir større og større! Elevane jublar!

Tenk for ei mestring. Endeleg, tenkjer eg. Den meistringsfølelse får han sjeldan i klasserommet, men på denne arenaen er denne eleven ein av dei beste! Eg ser korleis han tek styringa i gruppa, oppmuntrar, viser og hjelper dei andre. Her viser han òg heilt andre sosiale ferdigheiter enn i klasserommet. Eg blir glad inn i meg. Eg elskar jobben min.

Uteskule minst ein gong i veka, uansett vêr, helst heile året. Det er det vi vil på Alnes skule. Det er styrka vår, verdas beste uteskule.

Her kan elevane bruke nærmiljøet og naturen til å gå i djupna på ting, lære med heile kroppen og sanseapparatet. Ein kan sei litt av kvart om bygget, som eg sjølv steig inn på som førskulebarn i 96. Fleire meiner det er ei rønne, det stemmer ikkje. Ja, nokre rom treng ei oppgradering, lik dei fleste skulane her til lands, men vi har nok plass og vi klagar ikkje. Påbygget held god standard og kontorlandskapet på loftet er også «up to date».

Vi er ein liten flokk, ein del av Godøy skule der administrasjonen vår har base. Lærarane her kjenner kvar elev, kan namna på heile gjengen og dei kjenner oss. Vi har eit tett samarbeid vi lærarane og dei SFO tilsette, eit fantastisk kollegium! Tenk å få starte det lange skuleløpet her ute på Alnes, har eg tenkt mange gongar. I år fekk eg leie mi eiga dotter fram til rektor og læraren første skuledag. Her har ho det godt. Her er fire klasser og 74 elevar å forholda seg til. Totalt. Eigentleg meir enn nok for ein 5-åring.

Vi er privilegerte både lærarane og elevane. Ein heilt unik skule på ein heilt unik plass! Eg har vore lærar i fleire skular og har sett at Alnes skule er heilt spesiell. Eg har alltid vore opptatt av uteskule, men i dei andre skulane opplevde eg at tida ikkje strakk til, det vart for mykje logistikk, vanskeleg å få til, kva skulle vi gjere, kor skulle vi gå og korleis skulle vi komme oss dit?

På Alnes treng vi nesten ikkje gå ut av klasserommet ein gang, vi kan stå i vindauget å sjå på steinkobbar som dukkar opp utanfor moloen. Ein gong såg vi ein spekkhoggar.

Gjett om vi fekk elevane til å lese, skrive og finne ut meir om desse ekstreme pattedyra utanfor vindauget. Ingen spurte om kvifor dei måtte gjere det.

Vi har ikkje like mykje å rutte med, med tanke på økonomi og klasserom, men vi har verdas beste uteskule nærast integrert i skulegarden vår. Vi har ikkje den same storleiken på tilsette i skuledagen, men vi har et stort, godt, kompetent kollegium på andre sida av tunnelen på Godøya.

For meg er dette draumejobben. Eg kan ikkje tenkje meg ein betre skule å vere lærar på. Det er dette eg vil!

Ei av dei mange problemstillingane, om kommunestyret i Giske går for ei samanslåing, vil vere kapasitet. Kvar skal vi gjere av ungdommane våre? Nokre meiner vi allereie har plassmangel.

Eg vil ikkje seie så mykje om skulestruktur, innsparing eller samanslåing, men eg vil gjere det klinkande klart at Alnes skule ikkje er ein skule frå fortida som skrik etter å bli nedlagt. Om ein set seg inn i den nye læringsplanen frå i år så kan vi lese viktige omgrep som djupnelæring, tverrfaglegheit, elevinvolvering.

Dette er omgrep som undervisninga på Alnes skule har vore prega av i lang tid allereie. I stor grad fordi nærmiljøet legg veldig godt til rette for det.

Vi stortrivast på Alnes og det vil bli eit stort tap for elevane, foreldra, lærarar og Alnesbygda om skulen blir lagt ned. Og om dette no skal ende i at vi må presse saman alle ungdommane i kommunen og lure på kor ein skal gjere av dei, blir det for dumt at det står fire, tomme klasserom ut på verdas finaste plass.

If it’s not broken, don’t fix it!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!