Lesarinnlegg:

«Fordelar med storkommunar?»

Før siste kommunesamanslåinga med Ålesund, vart vi tuta øyrene fulle av kor dyrt det var med alle desse småkommunane.

Ålesund kommune: Nordøyane var ein del av gamle Haram kommune. F.h. Lepsøya (Løvsøya), Haramsøya og Flemsøya/Skuløya.   Foto: Staale Wattø

Meninger

Her i Haram ville vi vere for oss sjølve, men det nytta ikkje, då ville vi verte ei inneklemd kommune – og det var ikkje råd å få til.

Har du høyrt på maken til vås! I Fedrelandet finn ein ei rad med inneklemde kommunar. Etter det eg kan sjå, lever desse kommunane i beste velgåande.


Ålesund-politikerne drukner i papir:

Krever færre saker til kommunestyret

Høyres Dag Olav Tennfjord vil kutte tallet på saker som havner i kommunestyret. Det rekordstore kommunestyret i Ålesund dynges ned i saker og møtepapirer.


Dei nye storkommunane er nærast på «konkursens rand» – i alle fall synest Nye Ålesund å vere på kanten av stupet. Dette trass i at gamle Haram bidrog med kr 30 mill. i nyskapinga.

Vidare har den nye storkommunen Ålesund auka eigedomssatsane for oss i gamle Haram. Eg er freista til å seie med poeten: «Finns det poesi i slikt».



Eg ville vere svært takksam om ordføraren i Nye Ålesund kunne forklare ein undrande gamling om kva som er fordelane med den nye storkommunen Ålesund er. Eg ville også vere svært takksam om dette kunne gjerast på eit så pass enkelt språk at også vi eldre kan forstå det.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!