Leserinnlegg:

«Lønsoppgjer i pandemiens tid»

Det er med ei viss undring eg les innlegget: «Sykepleiernes tid er nå!»

llustrasjon:   Foto: Stian Lysberg Solum/NTB Scanpix

Meninger

Her viser fylkesleiaren i NSF møre og Romsdal, Trine B. Sevaldsen, lite forståing for kva pandemien har kravd av alle yrkesgrupper i kommunal sektor.


Leserinnlegg:

«Sykepleiernes tid er nå!»

Sykepleiernes kompetanse, sykepleiernes fag og sykepleiernes helhetlige vurderinger har stått i front for å demme opp koronapandemien, som fremdeles preger vår hverdag.


Lærarane var t.d. kjapt over på heimeundervisning i tillegg til vanleg undervisning til born med foreldre i samfunnskritiske funksjonar. Rektorane måtte legge om timeplanen fleire gongar, og planlegge skuleåret 20/21 utan å kjenne korleis dette året skulle kome til å bli.

Miljøterapeutar har gitt gode tenester til personar med funksjonsnedsettingar når dagtilbod vart stengde ned og barnehagane er organisert i kohortar. I kommuneleiinga har vi sytt for nok smittevernutstyr, koordinert med Fylkesmann og FHI, og budd oss på smitteutbrot. Vi har organisert øvingar og fått på plass smittesporingsgrupper, og mykje meir.

Ja, omstillinga i kommunal sektor har vore stor, og folk har verkeleg stått på. Det gjeld absolutt for sjukepleiarane, men slett ikkje berre for dei. I dei aller fleste kommunane har smittetala vore lave, heldigvis, og sjukepleiarane har saman med andre tilsette i sjukeheimar og i heimebaserte tenester bidrege til å førebygge smitte. I ei krevjande tid har alle yrkesgrupper fått ein ny kvardag.


Reagerer på lønnsoppgjøret for sykepleiere

– Vi synes ikke sykepleierne får betalt for innsatsen som ble gjort under pandemien

De to hovedtillitsvalgte for Norsk Sykepleierforbund (NSF) i Ålesund kommune er skuffet etter årets lønnsoppgjør, som gir en reell lønnsvekst på 0,3 prosent.


Så er det slett ikkje slik at sjukepleiarane i dette oppgjeret «fekk» det eine eller det andre. Oppgjeret er resultat av forhandlingar mellom KS og dei fire forhandlingssamanslutningane LO, Unio, YS og Akademikarane. Alle dei tre største, inkludert Unio, som Sjukepleiarforbundet er del av, tilrådde resultatet. Årets hovudtariffoppgjer er gjennomført i ei tid prega av stor uvisse for norsk økonomi og for kommuneøkonomien.

Men ikkje minst er det uvisst for store delar av næringslivet. Difor var det viktigare enn nokon gong at oppgjera i offentleg sektor ikkje gjekk ut over ramma i privat, konkurranseutsett sektor: 1,7 prosent. I kommunesektoren var det aller meste av denne ramma allereie brukt før oppgjeret, som verknader i 2020 av oppgjeret i 2019 («overheng»), og som tillegg som ikkje var resultat av det sentrale oppgjeret («gliding»). Skulle ramma haldast, var det dermed særs lite pengar att å forhandle om. Dette var alle partar innforstått med, og partane har vist stort ansvar i denne situasjonen.


Synspunkt:

«If it’s not broken, don’t fix it!»

Det er onsdag. Tredje – og fjerdeklasse har endeleg lært kva haust er. Ikkje berre fordi vi har hatt det som tema på vekeplanen, men fordi dei har kjent det på kroppen.


For meg handlar dette lønsoppgjeret om solidaritet. Vi i kommunal sektor er heldige, vi har trygge jobbar og slepp å vere redde for å verte permitterte eller gå konkurs. Dette er koronapandemien si tid, det krev mykje av mange.


Da Norge stengte

Seks måneder med koronatiltak er tilbakelagt. Slik preget de landet og oss.



-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!