Til det var sausen av jøde- og elitehat og paranoia for ugjennomtrengeleg. Folk han intervjua, var overtydde om at ein korrupt elite hadde tatt frå dei fridom, tatt over presse og fjernsyn, slusa utlendingar inn i landet, etc. Stadfestingar av synet sitt fann dei over alt.

Korkje dei som stod bak mytane eller dei som trudde på dei, var kunnskapslause. Men dei kjende seg hjelpelause og utan kontroll over eige liv. Løynde makter måtte ligge bak stoda. Samansverjingsfantasiane gav uttrykk for angst for tap av status og kontroll over eige liv, redsle for å bli skvisa ut i den harde økonomiske tevlinga.

Dette skapte kjensle av avmakt og utryggleik, av sosial isolering, som i sin tur vart styrkt av svekte familieband og kjensle av moralsk oppløysing. Ein tilstand av permanent personleg og sosial utryggleik fekk fotfeste.

Da Löwenthal gjennomførte studien sin, stimulerte ein hysterisk antikommunisme paranoide fantasiar blant folk. Senator McCarthy var leiar i jakta på kommunistar, som han hevda var i ferd med å ta over det amerikanske maktapparatet og forgifte samfunnet. Same kvar ein snudde seg, såg ein konspirasjonar. Den «kalde krigen» gjorde det lett for folk å sjå mønster i internasjonale hendingar og forklare det uforklarlege: Kommunistar var over alt.

Det same forklaringsskjemaet har ein ikkje i dag. Trugsmåla i dag finn ein ikkje utelukkande på basis av eit ven-fiende skjema. Det er såleis langt vanskelegare å vite kvar dei kjem frå. Ein veit berre at dei er der. Det gjeld difor å identifisere dei. Men i det uoversynlege flettverket av problem ein står overfor, er der ikkje ein eller fleire klare årsaksfaktorar. Ein står rådlaus overfor det heile.

Löwenthals tese var at samansverjingsmytar særleg appellerer til personar som psykisk har problem med å halde orden på ei forvirrande og kompleks omverd. Er ein ute av stand til å sluse kriseopplevingar inn i eit meiningsgjevande skjema og såleis får avmaktskjensla av å vere utlevert til det som skjer i verda, utan eigenleg å skjøne kva som skjer og utan å kunne verje seg, lovar konspirasjonsmytar hjelp. Dei forklarer det som har vore uskjønleg, t.d. at gode menneske er vondskapens offer, at seder og skikkar er i oppløysing, etc. Mytane blir som lyset i enden av tunnelen: Når det nå endeleg er avslørt kva som ligg bak det som skjer, har vi vilkår for å vinne over dei løynde og vondsinna maktene som ligg bak. Endeleg skal det bli orden i verda!

Samansverjingsfortellingar har terapeutisk verknad. Dei forklarer røynslene ein har av avmakt. Slik gjev dei tilbake kontrollen over eige liv for dei som trur på dei.

At ein i dag, i motsetning til da Löwenthal gjore undersøkinga si, kan søke etter bevis på internett og der finn andre som deler same utryggleik, viser at ein ikkje er aleine! Ein får stadfest sanninga til fantasiane sine i såkalla «ekko-kammer». At ein på internett kan leite seg fram til forklaringa ein trur på, at årsaka eller årsakene til tilstanden er funne, inneber ikkje berre at ein med det har avslørt ei global eller lokal samansverjing, men at vilkåret er etablert for å vinne tilbake kontroll over eigen kvardag og liv.

Ein er ikkje lenger verjelaust offer. Ein kan ta opp kampen mot maktene.

Den siste og mektigaste samansverjingsmyte-produsenten i USA er i augneblinken «QAnon», der «Q» står for ein som kjenner dei djupare sanningane, og «Anon» står for anonym. Ingen kjenner den anonyme aktøren som kjenner alle løynde makter og trådane dei drar i for å nå måla sine. Det er såleis «QAnon» som veit kva som verkeleg skjer i samfunnet, og som difor er den som kan gje folk tolkingsskjemaet som set dei i stand til reelt å skjøne kva som verkeleg går føre seg bak kulissane, både nasjonalt og internasjonalt.

Slik avslører og vernar «han» folk mot slike som t.d. Clinton-klanen, George Soros, etc., utsugarar som øydelegg vanlege folks liv i jakta på eigen vinst. Det same gjeld for politisk liberale som står bak oppløysing av sosio-moralske normer og ordningar, legalisering av likekjønna ekteskap, sosialistar som vil ta frå ein den amerikanske draumen, etc.

Dette er gammal vin på nye flasker. Det er variant av ein myte frå lausrivinga frå britisk herredømme: Har vi garanti for at ikkje sentralregjeringa i Washington overtar undertrykkarrolla til den britiske kongen? Angsten for at så er tilfelle, lever vidare i myten om «the deep state»: Eit komplott av sosialistar, globalistar, liberale og opplysnings-orienterte er i ferd med å undergrave den amerikanske fridommen og sosio-moralske ordningar Gud har gjeve oss.

At «QAnon» har suksess i USA, forklarer kvifor den amerikanske regjeringa, særleg presidenten, ikkje syner interesse for å distansere seg frå mytane som blir produserte. Tvert om, Trump formidlar sjølv dei mest absurde samansverjingsmytar vidare per Twitter og i talane sine. Han vil ikkje sjølv svare på om han sjølv trur på dei, men avviser ikkje at dei kan vere sanne: Folk må sjølve få avgjere! Difor må mytane spreias!

Trump er smigra, for «Q», profeten, ser Trump som Messias som skal frigjere USA frå «den djupe staten», dvs. samansverjinga av sosialistar, liberale og globalistar, etc. Denne typen scenario kalla Löwenthal «Kristus reinskar tempelet»: Den jordiske forløysaren, i dette tilfellet Trump, må skape det inntrykket at fienden han slik jagar bort, er ansvarleg for den nasjonale ulykka og har tatt frå folket både arbeid, inntekt, familie og posisjon i livet.

Men samtidig er det avgjerande at kjensla av å vere utlevert til løynde og vonde makter blir halden ved like. Skal samansverjingsmytar fungere politisk, må frelsaren avdekke kven som står bak. Men tilinkjesgjer han maktene, er hans eiga makt broten.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!