Lesarinnlegg:

«Om samferdsel og vegutbygging»

Eg ser at Helge Orten og andre, vil ha oss til å tru at dei ved NTP arbeider for at våre transportløysingar skal bli løyste. Bru frå Hareid til Sula kjem aldri til å bli realisert og heller aldri blir E39 lagt ut til dei yste øyane på Romsdalskysten.

Sjølvfinaniserandre: – Når faste vegsamband er heilt sjølvfinansierande er det fantastisk at dei styrande ikkje arbeidar kvar dag for å få avvikla dei åtte store ferjene vi har på Sunnmørskysten, seier artikkelforfattaren.  Foto: Staale Wattø

Problemet i Norge er at alle kan legge seg opp i alt og køyre kjeppar i hjula.

Pål Vedeld Djupvik
Meninger

Det er fantastisk at E39 skal krysse Storfjorden, Romsdalsfjorden og Julsundet, og fjordane på Nordmøre og i Trøndelag noko som forlenger vegen milevis og prisen når astronomiske høgder.

Vi bør tenke på kva som er best for folket og statskassa, som ville spare milliardvis med berre ei fjordkryssing på Stranda for E39.

Lokalvegar frå heile søre Sunnmøre til Valderøya og Ålesund er 100 % sjølvfinansierande, og bør byggast av ein fusjon av dei fire lokale bompengeselskapa AS Fefast, AS Hafast, AS Safast, AS Rovdefjord-sambandet, og at det fusjonerte selskapet står som eigar og byggar av det faste tunnel-systemet frå Vanylven til Kvamsøya vidare til Sande kyrkje og inn i fjellet der under Sandshavna til Hidsneset.

Frå Botnen i Ulstein må vegen fortsette under Ulsteinvik, Flø, Breisundet, Godøya til Valderhaugsfjorden, med to korte tunnelar derfrå i land på Valderøya og den andre inn til Ålesund.


Første del av Nordøyvegen åpnes til jul neste år

Nordøyvegen ut til Lepsøy og Haramsøya åpnes allerede til jul neste år.


Dette tunnelprosjektet er 100 % sjølvfinansierande og ca. km 25 langt, og kan kanskje finansierast berre med ferjeavløysingsmidlar på få år, for åtte store ferjer vert overflødige og berre dei pengane vert milliardbeløp, og vegdirektoratet regnar ut summen etter same mal som på Nordøyvegen. Også der vart beløpet milliardbeløp på 40 år.

Ferjeavløysingbeløpet for ferjene på heile Sunnmørskysten blir kanskje 10 gongar så høge som på Nordøyane, så eg håper at tunnelane kan finansierast berre med ferjeavløysingspengar i 40 år. Viss ikkje gjelda minkar fort nok, må vi betale bompengar i tillegg i få år.

Frå Ulstein blir det berre eit kvarter i tunnelen til Ålesund på firefelts flat motorveg, for resten av søre Sunnmøre er det berre 20–30 minuttar til tunnelinnslaget i Ulstein kommune.


Frp sier nei til kutt i skolen:

Høyre: Nei til økte ferjepriser

Høyres Anders Riise krever at ferjeprisene blir som i dag. Frps Frank Sve krever at den videregående skolen blir beskyttet mot nye kutt.


Det er å håpe at politikarane innser den håplause situasjon vi har fått, med alle ferjesambanda vi har på «alle nes». Ein skulle tru at det var berre å sjå på korleis det vart med trafikken inne i Eiksund når ferja endeleg vart nedlagt. Når faste vegsamband er heilt sjølvfinansierande er det fantastisk at dei styrande ikkje arbeidar kvar dag for å få avvikla dei åtte store ferjene vi har på Sunnmørskysten.

Men både dei styrande og pådrivarane i dei fire lokale bompengeselskapa vil ikkje innsjå kva som må gjerast, det er so enkelt at dei ikkje vil ta tak i det (ser det ut som). Det som må gjerast er akkurat slik som Knut Nærø og co. gjorde, då Eiksundsambandet opna i år 2008 og vart nedbetalt vinteren 2014, deretter vart forbindelsen gratis for alle.

Det blir heller ingen hestehandel og politisk spel i Stortinget, for dei har ikkje noko med dette å gjere, det blir snart slutt på dei tidene som har vore.

Angåande traseane der hovudvegane mellom landsdelane skal gå, den kortaste og billigaste traseen må veljast (akkurat slik som Svenskane har det), så E39 som ligg på Grodås må gå direkte til Stranda. Og der må det byggast ei flat bru minimum 100 meter over fjorden, som den einaste fjordkryssinga mellom Sognefjorden og Trondheim.

Dei 25 – 30 kilometerane med ny flat tofelts veg frå nordsida til Romsdalen må byggast snarast, der E39 møter E136 på veg til Dombås. Derfrå må E6 saman med E39 gå i same traseen til Trond-heim. Så ganske snart får vi firefelts veg opp Romsdalen og Dombås til Trondheim og til Austlandet.


Leserinnlegg:

«Mosegrodde ideer og revesaks»

Det var med stor undring og forbauselse at jeg leste lederen i Sunnmørsposten, lørdag 17. oktober.


Dette håper eg dei berørte ordførarane og formennene i dei kommunale trafikknemndene tek tak i utan å blande inn NTP og Stortinget.

Problemet i Norge er at alle kan legge seg opp i alt og køyre kjeppar i hjula.


Leserinnlegg:

«Norsk Transportplan med behov for slankekur?»

Abc nyheter 17.9.20: «Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) mener dagens Nasjonal transportplan (NTP) er urealistisk. – Jeg kan rett og slett ikke forholde meg til planen slik den ligger der i dag, sier Hareide.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!