Korleis skal eg starte dette innlegget? Jau eg startar så kjem vel orda av seg sjølv. Mitt hovudinntrykk er at kvifor kan ikkje vi forsøple? Der er så mange andre som også gjer det.

Løysinga til Sula kommunestyre er «The solution for the pollution is dilution». Altså berre vi vatnar ut alt så blir det knapt målbart det me gjer.

Her har Sula kommunestyre funne ut at noverande og komande generasjonar må akseptere ukunne. Gjennomgangstonen verkar å vere at så lenge det kostar pengar så må det kunne aksepterast det me gjer.

Tollak B. Sirnes sa ein gang «Dersom ein ikkje vil det ein kan, kjem den dag at ein ikkje kan det ein vil».

Her tenker eg på ein undervisningssituasjon i Stockholm for mange år sidan. Den gang var det ikkje uvanleg at mekanikarar vaska bort olje- og smurning frå hendene med bensin. Dette tolte kroppen godt. Trudde ein. Når kroppen fekk nok av bly i seg gjekk det på sentralnervesystemet og skada var uboteleg.

Ja det er lett å kritisere. Våre folkevalde gjer så god dei kan. Trur dei. Har folkevalde i Sula greidd ut andre løysingar? Kan man reinse grå og svartvatten? Sjølvsagt. Mange andre kystnasjonar gjer det.

Havet er trass alt vårt «matfat». Hadde t.d. franske husmødrer og andre kjent til at vi drit i fjorden ved sida av våre oppdrettsanlegg vil eg tru fisken hadde fått ein annan smak.

Artikkelforfattar: Rune Brandal

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!