Har brukt ein del tid på å studere dette produktet. Men at den luter, kan eg ikkje sjå. Nei den ligg der meir og mindre skinnflat.

Ikkje veit eg kvar denne «betegnelsen» kjem ifrå, men den er ravgalen.

Lute, brukt i samband med fisk, er i det høvet at du skal til å lute den. Når du så har lagt fisken i lut, er du i ferd med å lage lutfisk.

Når prosessen er over, ja då er fisken luta, altså lutafisk. Nei kutt ut dette lutefisk tullet. Fisken luter ikkje. Men lutfisk eller lutafisk seier noko om produktet. Eg må tilstå at er ikkje glad i denne maten same kva den heiter.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!