Ei avis har gått gjennom alle resolusjonane mot Israel i FN i 2020. Desse viser at 70 prosent av FN-kritikken er retta mot Israel. Det viser også at av 17 resolusjonar så stemte Norge 13 gonger mot Israel. Vi kan også merke oss at fleire europeiske land, m.a. Danmark, Tyskland, Nederland avstod eller stemte mot dei same resolusjonane. Kva er det som skjer?

Ser vi historisk på utviklinga så synest det klart. Då Folkeforbundet overlèt oppdraget til FN i 1945 var der 51 medlemar i forbundet. I dag er 173 medlemsland knytt til FN. Kvar har då medlemsmassen kome ifrå? Det meste frå den muslimske verda. Kva er det som pregar den muslimske verda? Motstand og hat mot Israel. Det store del har framleis President Nasser sitt mål for auga: Israel skal kastast på havet!

To juristar på folkerett, Dr. Matthijs de Blois (Nederland) og Andrew Tucker (Australia) har skrive ei bok «Prosessen mot Israel» (547 sider) Den har som undertittel: «Hvordan folkeretten misbrukes for å delegitimere staten Israel» Som ein del av konklusjonane skriv dei: «FN-organer har mislykkes i å fremstille på en riktig måte de spørsmål som krever løsning, og har i stedet lagt seg på forutinntatte, partiske og i enkelte henseender uriktige fortolkninger av folkeretten.»

Fortolkingar av folkeretten! Her er mykje og mange meiningar ute og går. Eg merkar meg at Utanriksministeren i Stortinget 27.11.2020, som svar på eit spørsmål frå Christian Tybring-Gjedde om Norges votering i FN, seier: «Norge stemmer for resolusjoner i FN som er i tråd med norsk politikk og folkeretten.» Men utanriksministeren har meir som grunngjeving: «Sammen med flere andre resolusjoner blir tekstene i seks av disse resolusjonene hvert år forhandlet frem av EUs og Palestinas FN-delegasjoner.» Merk det – forhandla fram av EU og palestinarane. EU stig i dag fram som eit av dei mest anti-israelsk organ i verda. Og palestinarane veit vi kva dei vil.

Resolusjonar og folkeretten! Her skulle vi hatt meir plass for å gå inn i dette stoffet. Frå « Prossesen mot Israel» kan vi sitere: «I henhold til FN-pakten har Hovedforsamlingen og dens subsidiære organer, FNs Menneskerettighetsråd, ingen myndighet til å vedta bindende resolusjoner med ekstern virkning. Det samme gjelder Sikkerhetsrådets resolusjoner, med mindre de er vedtatt under FN-paktens Kapittel VII.»

Så ser vi kva som skjer i Norge i dag. Politiske parti fremjar boikott av israelske varer. I Oslo-skulane er det jødiske barn som blir mest diskriminert. «Jøde» som skjellsord er det mest brukte i skulegarden. Jødar i vårt land står fram og fortel at kvardagen på kort tid har endra seg. Dei sluttar å bere Davidsstjerna og kipa for å unngå trakassering.

Tanken går også tilbake til samlinga på Eidsvoll der den markerte representanten Sverdrup, inspirert av Voltaire, proklamerte: «Jeg ser absolutt ingen grunn til å gi dem borgerrett, med mindre vi en natt kunne hugge av dem hodene og erstatte dem med nye hvor det ikke fantes en eneste jødisk ide.» Ingen jødisk ide! I dag produserer Israel teknologi, utstyr og reiskap som ei heil verd har gjort seg avhengig av.

Så må vi ta med Guds løfte til deira stamfar: «Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, vil eg forbanne.»

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!