Med normal hastigheit så kan ein då tenke seg at skulen står klar i 2029. Bakgrunnen for dette er den pressa økonomiske situasjonen til Ålesund kommune. I same artikkel står det at for Hessa skule så er der ikkje noko anna alternativ enn å prioritere ny skule. Eg har inga motforestilling ikring noko av dette, men ønskjer å argumentere for kvifor det heller ikkje er noko anna alternativ enn å bygge ny skule på Eidet.

Historikk

Då underteikna var inne til jobbintervju våren 2012 med dåverande einingsleiar og skulesjef i Haram, Edvard Orvik, vart det lagt fram at ny skule på Eidet ville kunne stå klar i 2015. Då eg tok i mot stillinga som rektor ved Tennfjord skule, var eg dermed klar på at dette ikkje var ei stilling som ville bestå lenge, men som ville kunne gje meg verdifull erfaring som rektor. Tennfjord skule hadde åra før dette vore delvis stengd av arbeidstilsynet på grunn av fuktproblematikk, med meir. Etter ei omfattande sanering og rehabilitering av skulen i 2011 -2012, starta eg som rektor hausten 2012.

Tida gjekk og det vart ikkje nokon ny skule i 2015. På spørsmål om kva som låg til grunn så var det avtale med grunneigar om kjøp av tomt som kravde si tid. Etter fleire folkemøte, utsettingar og lite framdrift, gjorde endeleg Haram kommunestyre vedtak i 2018 om å sette av 180 millionar kroner i økonomiplanen fordelt på 2018, 2019 og 2020 til å gjennomføre prosjektet med nytt skulebygg på Eidet.

Planen var at skulen skulle stå klar i 2021. Arbeidet blei likevel reversert, og etter kvart utsett då ein kom inn i Ålesund kommune. I vedtak i Ålesund kommunestyre ikring budsjett og økonomiplan for 2021–2024 vart skulen skyvd på slik at ferdigstilling etter planen er til hausten 2024. Og no er det altså fremma enda eit forslag om ytterlegare utsetting.

Elevtalsutvikling

I 2012 var det 112 elevar ved skulen. På dokument om framskriving av elevtalsutvikling i 2012 så skulle ein skuleåret 17/18 ha 133 elevar. Fasiten hausten 2017 var 155 elevar. Ny framskriving av elevtalsutviklinga i 2017 viste at det ved Tennfjord skule i 22/23 skulle vere 169 elevar ved skulen. Ettar å ha innhenta informasjon om neste års kull, så er fasiten at hausten 2022 vil det vere 194 elevar ved Tennfjord skule. Auka av elevar har med andre ord heile tida vore større enn meldt.

I Bygdebladet, 28. september i år, i ei sak om mangel på tomter og bustader i området rundt Eidet, uttaler Jan-Magnus Knudsen i Mørehus at politikarane må forstå at det er her folk vil bu. Dette er eit ettertrakta område og ein plass folk ønskjer å busette seg i, spesielt barnefamiliar. Historikken på elevtalsutviklinga viser også klart dette. Økonomisjef Lars Fylling i Ålesund kommune har i gjentatte møte ikring den økonomiske situasjonen til Ålesund kommune påpeikt at vi får ein befolkningsvekst dei komande åra, som er positivt. Det negative er at andelen av barn går tilbake, og i den aldersgruppa har ein befolkningsnedgang som mellom anna fører til reduserte rammer til oppvekstsektoren.

Eg undrar meg om ein ikkje her har ein gyllen moglegheit til å fortsette ei utvikling av eit område i kommunen som barnefamiliar vil busette seg i. Men politikarane må då samtidig legge til rette for ein infrastruktur med ein skule som kan ta imot dei.

Status no

Tennfjord skule har i dag for mange elevar og tilsette i forhold til bygningsmasse. Vi har gjort tiltak som var meint å vere midlertidig til den nye skulen på Eidet skulle stå klar (i 2021). Som rektor ved skulen er eg ansvarleg for at forskrift om miljøretta helsevern vert følgt og at arbeidsmiljølova vert halden. Vi er ikkje godkjent etter forskrift om miljøretta helsevern og vi oppfyller ikkje krav i arbeidsmiljølova. Bakgrunnen er mellom anna dette:

Vi leiger og nyttar i dag kjellaren i ungdomshuset til klasserom. Her er gjort ein del utbetringar slik dette skal egne seg best mogleg. Men her er ikkje ventilasjonsanlegg og midt i rommet står det ei stor søyle frå golv til tak.

Vi nyttar eit rom i kjellaren i hovudbygget som klasserom som ikkje er godkjent for undervisning. Dette grunna takhøgde og klang i rommet då både vegger, golv og tak er av betong. Tidlegare har vi berre nytta dette rommet i Kunst og Handverk, då det er begrensa kor mykje kvar enkelt klasse kan opphalde seg der.

Rektor, assisterande rektor og administrasjonskonsulent sitt i ei lita kontorbrakke midt på skuleplassen med dei utfordringar det har i forhold til støy i friminutt, uteaktivitetar og leik på skule og SFO.

Vi har ikkje nok grupperom til å kunne tilpasse undervisninga eller ha økter med spesialundervisning. Garderobesituasjonen til elevane er særs utfordrande og gjer at reinhald er vanskeleg. Tennfjord skule stettar ikkje arbeidsmiljølova sine krav i forhold til arbeidsplassar for tilsette. Dette gjeld både areal, moglegheit til å arbeide uforstyrra og garderobeforhold.

Tennfjord skule har årleg hatt utbetring og vedlikehald etter lekkasjar frå taket og fuktproblematikk. Det er all grunn til å tru at det vil fortsette.

Situasjonen når det gjeld parkering, bringing og henting av barn til skulen er bekymringsfull og svært kaotisk.

Uteområdet for elevane er ikkje godkjent ifølge forskrift om miljøretta helsevern. Det er for lite areal, og det er i svært dårleg forfatning. Dette må oppgraderast både i forhold til tryggleik og til at det skal stimulere til fysisk aktivitet.

Antal klasser aukar til tolv neste skuleår, hausten 2022. Sjølv med dei midlertidige klasseromma er der ikkje nok klasserom på skulen. Dette er det sendt melding om til ÅKE og kommunalsjef. Enda ei brakke vil ta areal frå eit allereie for lite uteområde.

Konklusjon, oppsummering og invitasjon

Det vil vere nødvendig med omfattande investeringar både til utbetring, vedlikehald og utviding ved Tennfjord skule. Det går ikkje å finne løysingar som stettar forskrift om miljøretta helsevern og arbeidsmiljølova med noverande bygningsmasse og areal.

Ein ny skule på Eidet vil vere budsjettmessig lønnsam i eit lengre perspektiv. I kontrast til andre nedleggingar av skular er det ei samanslåing som er ønska av elevar, foreldre og tilsette ved dei tre skulane. Ein får ein skule som oppfyller lovpålagde krav og er pedagogisk og organisatorisk framtidsretta etter den nye læreplanen.

Elevar, foreldre og tilsette ved Tennfjord skule har strekt seg langt i prosessen som har vore. Ein har funne løysingar som ein veit ikkje er optimale og ein har vore løysingsorienterte. Som i private husbyggingsprosjekt, så kan ein kan strekke seg litt mens ein ventar på å få flytte inn. Den ventetida er allereie på overtid.

Politikarar, administrasjon og Ålesund kommunale eigedom er hjarteleg velkomne på synfaring på Tennfjord skule for å sjå korleis kvardagen er.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!