Professor i immunologi og toksikologi Stefan Hockertz har sagt: «Når vi har å gjere med friske menneskje, som vi tilfører noko for at dei ikkje skal kunne bli sjuke i framtida –det er meininga med ein vaksinasjon- vil dei krava vi må stille til denne vaksinen måtte vere mykje høgare enn dei krav vi set til ei terapeutisk behandling. Ved ei terapeutisk behandling er personen alt sjuk og kan i einskilde tilfelle døy utan behandling. Dermed kan vi godta størrre biverknader eller problem som ein del av ei risikovurdering. Når eg gjer ei risikovurdering av ei vaksine, må denne vaksina så å seie ikkje kunne forårsake skade sidan det er ein frisk person som berre kanskje vil bli sjuk som får ho. Mao må vi stille mykje høgare krav til ei vaksine enn til terapeutisk behandling.»

Dr. Bart Classen i ein publiseert studie frå august 2021: «Resultatene viser at ingen av vaksinene gir en helsegevinst, og alle sentrale forsøk viser en statistisk signifikant økning i alle årsaker til alvorlig sykelighet i den vaksinerte gruppa sammenlignet med placebogruppen.»

Dr. Robert Malone, oppfinnaren av mRNA-teknologien, åtvarar mot å vaksinere dei unge.

I statistikk frå FHI, oppdatert 8.9., står at i aldersgruppa 0-39 år er det meldt inn seks covidassosierte dødsfall. Assosiert tyder at ein ikkje alltid kan skilje om pasienten har dødd med eller av covid-19. Vidare syner statistikk at i aldersgruppa 0-19 år er ingen-0- innlagt på sjukehus grunna covid-19. Mao: sannsynleg er ingen under 20 år døde av covid-19 her i landet.

VAERS-data (frå USA) som vart publisert 9. juli 2021 av CDC viste totalt 438.441 rapporter om uønskede hendelser fra alle aldersgrupper etter COVID-vaksiner, inkludert 9.048 dødsfall og 41.015 alvorlige skader mellom 14. desember 2020 og 2. juli 2021. Ein fersk israelsk studie: vaksinerte har 13 gongar så høg risiko for infeksjon, 27 gongar så høg risiko for symptomatisk sjukdom og åtte gongar så høg risiko for å døy samanlikna med dei som har vorte naturleg immune.

Fakta i dag er at vi har billige og godt utprøvde medisinar som verkar både forebyggjande og som behandling, men som ikkje styresmaktene vil la oss få fritt tilgjenege til.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!