Først; eg deler Moxnes si uro over lovforslaget mot konverteringsterapi som regjeringa sende til høyring i sommar, og det Moxnes skriv om at lovforslaget sviktar barn og unge.

Men eg gjer det ut frå eit stikk motsett utgangspunkt.

Moxnes tar det vanlege «knepet» med å sette transaktivistane sitt syn opp imot dei konservative misjonsorganisasjonane sitt syn. Slik forenklar og avgrensar han problemstillinga. Liksom i lovforslaget omtalar han konverteringsterapi som lik homoterapi. Dessutan så knyter han det her til sjelesorg og samtale i konservative religiøse miljø.

Det som uroar meg som klinisk psykolog er at konverteringsterapi er så lausleg definert i lovforslaget, at det som hittil er rekna som fagetisk god utrednings- og behandlingspraksis innan barne- og ungdomsfeltet, kan verte ramma av det nye lovverket. For den veksande gruppa av unge som slit med sin kjønnsidentitet, gjer det av mange ulike årsaker. Difor er det å kartlegge bakgrunnshistorikk, påverkingsfaktorar og miljøforhold av stor viktigheit for å sikre at barn og unge ikkje utsettast for feilbehandling med alvorlege irreversible fysiske og psykiske konsekvensar.

Kanskje det er på tide at Moxnes og biskopane løfter blikket frå dei kristne kretsane og orientere seg om kva som skjer internasjonalt i behandlingsfeltet i høve debatten om konverteringsterapi?

I dag finst ein allianse av fleire ulike organisasjonar som jobbar for å fremme sikker, empatisk, etisk og evidensbasert behandlingstilbod for barn, ungdommar og unge vaksne med kjønnsdysfori. Desse organisasjonane representerer fagfolk, forskarar og tusental av menneske som har opplevd kjønnsdysfori og deira pårørande, og medlemmar i «LGB fellesskapet». Sistnemnde er lesbiske, homofile og bifile som i mange land no går i hop og dannar eigne organisasjonar i protest mot det LHBTQ+ rørsla har utvikla seg til å bli dei siste ti åra. (Dette gjeld også for Norge sin del og for FRI og deira merkevare PRIDE).

Kanskje Moxnes – i lag med biskopane – også burde uroe seg over at våre helsemyndigheiter har pressa igjennom ein ny fagleg retningslinje for behandling av kjønnsinkongruens blant barn og unge, som handlar om ein behandlingsmodell («bekreftingsmodellen») som kan resultere i overgrep mot nettopp unge i sårbare situasjonar?

Fleire fagfolk snakkar i dag om ein mogleg medisinsk skandale når det gjeld barn og unge og ukritisk bekrefting av deira kjønnsidentitet.

Når historia sin dom skal fellast, så veit i alle fall eg kva side eg ønske å vere plassert.

Eg vil oppmode Moxnes og biskopane om å tenke seg om, både ein og to gongar, i høve spørsmålet om konverteringsterapi; for så å følge opp med å be Regjeringa beskytte barn og unge mot irreversibel feilbehandling.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!