Jau, eg synest det ville vera strålande om Midøya, Otrøya og Gossen kunne få fergefri forbindelse til fastlandet. Det har berre ikkje noko i ein strategisk plan for stamvegnettet i Møre og Romsdal å gjera.

Å avfeia problematikken rundt den tidlegare leiaren i Stortingets transportkomite sin moglege rolle i denne saka som insinuasjonar utan substans, er – dessverre – for lettvint. Det er fullt ut legitimt for alle partar å kjempa for sine interesser og synspunkt i slike saker, men som leiar i ein stortingskomité med ansvar for nasjonale løysingar bør ein vera ytterst forsiktig med å «mjøla si eiga kake».

Grensene er sikkert ikkje absolutte, men det er her spørsmålet om «demokratisk folkeskikk» kjem inn. Noko av det mest alvorlege, er at sentrale kriterium for traséval synest å vera påverka. I tillegg til fastlandsforbindelsen til øyane vest for Molde, er det ein felles arbeidsmarknad for Ålesund og Molde som tronar øvst på Vegvesen si argumentliste. Med bompengesats opp mot 500 kroner pr. tur blir det neppe særleg dagpendling mellom byane. I tillegg har etablert politikk for slike stamvegar vore å legga dei utanom bysentera. Her gjer Staten det stikk motsette.

Lengst mogleg fellestrasé for E39 og E136 vil sjølvsagt gi det beste kostnadsbildet. I «min variant» av Romsdalsaksen, ser eg for meg ei fjordkryssing mellom Vågstranda og Åfarnes-området. I så fall vil heile strekning dit frå Moa vera ei fellesløysing. Kombinert med bru over Langfjorden (og kanskje også over Isfjorden), vil ein her få eit sentralt trafikkutepunkt for heile fylket. Det vil kanskje føra til at ålesundaren som skal til Molde sentrum vil bruka mellom 5 og 10 min. lengre tid på denne turen, men den prisen er det verd at vegen blir til nytte for så mange fleire.

For sunnmøringen som vil til Åndalsnes blir det mellom 5 og 10 km kortare å kryssa fjorden ved Vågstranda – og vegen via Måndalen og Innfjorden vil vera god nok som den er når den kan nedgraderast til lokal veg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!