Noreg er ein fredselskande nasjon.

Likevel er me ofte med på det motsette, berre det er dei rette kreftene som står bak. Då kan me gjerne vere med på eit korstog, der krig både er middelet og målet, og destabilisering og meir undertrykking ein meir og mindre tilsikta verknad. Slik har han vore den krigen me til alle tider har ført i dei arabiske landa. Under påskot av at me vil hjelpe dei fram til demokrati, menneskerettar og velferd, har me vore med på å bombe dei tilbake til eit uleveleg kaos. Og når krigsoffera vil berge seg unna eit liv i frykt og elende, stengjer me grensene våre og nektar dei eit betre tilvære. I desse dagar kan me vere glade for at Jesus ikkje blir fødd her og no, sidan det verken er plass i herberget eller i landet.

Vår agenda er menneskerettar, demokrati og fridom. Verknaden av den politikken me og vennene våre fører er svært ofte det motsette, og peikar mot at det kanskje ikkje ein gong er dette me først og fremst har vore ute etter, men i staden makt, ikkje minst makt over viktige ressursar.

Me har oppskrifta på korleis ein stat skal styrast, og me har rett til å sette dette på dagsordenen kvar som helst i verda, til ei kvar tid – og me er villige til å bruke dei midlar som situasjonen krev. Sjølv om der naturlegvis er andre initiativtakarar, er me gjerne med på leiken når viktige verdiar står på spel. Det blir sagt at me ikkje kan gjere anna, sidan dette er våre allierte i krig og fred, like mykje det første som det siste.

Når det gjeld naboen vår i aust, Russland, er sjølvsagt mangt annleis enn det burde ha vore, både innanriks- eller utanrikspolitisk. Å sjå russarane som den store trusselen blir likevel noko drygt når ein ser på det militære styrkeforholdet. Den militære slagkrafta til våre allierte ligg himmelhøgt over det russarane har å by på. Med rakettar retta mot seg frå så godt som alle naboland, blir i alle fall russarane sjølve nøydde til å bruke alle mogelege ressursar på krigsmaskineriet sitt.

Og mykje det same gjeld Kina, ei stormakt på veg opp på fleire felt, også på den måten at det er dei som produserer snart alt det me treng. Det me har att sjølve er først og fremst våpenindustrien, ei viktig drivkraft i den vestlege økonomien. Og så lenge Kina kjenner seg truga, må dei bruke større og større ressursar på si eiga krigsmaskin.

Skulle ein gjere eit unntak, og tenkje ein alvorleg meint tanke når det gjeld klima og ressursbruk, så gir krigsindustrien, der våre allierte er på den suverene verdstoppen, og sjølve bruken av våpena, eit avtrykk som får alle samanlikningar til å bleikne.

Lat oss innsjå det og vedgå det, at vår rolle i verda ikkje først og fremst er å fremje fred og menneskerettar.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!