Human Etisk Forbund sin kampanje «Er du sikker på det?» er ei viktig kampanje, og utsegna «det norske demokratiet er en fantastisk ting» er ikkje vanskeleg å vere samd i.

Det som imidlertid forundrar meg stort i denne samanhengen, er at Human Etisk Forbund, i lag med mange andre norske organisasjonar, ikkje ser den risikoen som den radikale kjønnsideologien representerer for demokratiet vårt.

Denne er ein ideologi som er basert på ei trusoppfatting, og som såleis pr. definisjon ikkje treng bekrefting gjennom vitskap og rasjonell tenking. Ut frå Queerteori vert det påstått at kjønn er konstruert gjennom språket og ikkje gjennom den materielle verkelegheita (kroppen). Det betyr at dersom kjønn er ein språkleg konstruksjon, så kan alt skiftast ut og endrast, og alle kan påstå å vere kven dei vil vere, og det til kvar tid. Gjennom at kvar enkelt av oss på denne måten eig vår eiga sanning om kjønn (som kan inneha like mange variantar som det finst personar i verda), så vert resultatet nettopp det som Slinning åtvarar mot her i sin kronikk; at sanninga vert relativ og soleis «oppskrift på eit totalitært samfunn».

Samanhalde med at forsvararane av radikal kjønnsideologi og den store utbreiinga som denne har fått i det norske samfunnet i dag, brukar alle midlar (inkludert alle variantar av hersketeknikkar) for å unngå ein sakleg offentleg debatt, burde i sanning uroe Slinning og alle andre medlemmar i Human Etisk Forbund. Ytringsfridomen er som kjent ein av grunnsteinane i demokratiet, og når denne vert forsøkt knebla, burde alle varsellampar lyse.

Eg er elles samd med Slinning i at kritisk tenking og rasjonalitet, er ein muskel som må trenast.

Eg ser difor ei viss von i det siste som Slinning skriv i sin kronikk; «Rasjonell kritisk tenking er altså ikke noe som kommer automatisk til oss – heller ikke til oss i Human Etisk Forbund, selvsagt. Vi er like mye offer for dette som alle andre.»

Eg vonar at Slinning og Human Etisk Forbud legg seg i hardtrening for å oppnå ein større muskel i dette nye året. Vi treng alle store musklar for å vareta kritisk tenking og rasjonalitet. Særleg når det gjeld den radikale kjønnsideologien, og den trusselen som denne representerer i høve demokratiet vårt.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!